Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Den tredje kulturkalenderen klar

Ytste Skotet - vårstemning 2018 - Klikk for stort bildeYtste Skotet - vårstemning 2018 Ytste Skotet

Vi nærmar oss no fellesferien med stormsteg og det er på tide å presentere ei ny oversikt over komande arrangement. Juli er normalt ein relativt roleg periode på arrangementsfronten. Dette er eigentleg naturleg det, for litt ferie må ivrige og dyktige arrangørar innan kulturlivet også kunne unne seg. Ikkje minst når ein ser på alt det som skjer resten av året, er dette vel fortent.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 26.06.2018

Stordal Turlag på Hornindalsrokken, søndag 14. september 2014 - Klikk for stort bildeStordal Turlag på Hornindalsrokken, søndag 14. september 2014 Stordal Turlag Langsæterdagane 2012 - Osten er ferdig - Klikk for stort bildeLangsæterdagane 2012 - Osten er ferdig Hallgeir Hove Sommarfest ved Øyna - 2018, laurdag 11. august - Klikk for stort bildeSommarfest ved Øyna - 2018, laurdag 11. august Stordal IL 4. div. med tabelltopp juni 2018.jpg (foto: Hallgeir Hove) - Klikk for stort bildeStordal IL 4. div. med tabelltopp juni 2018.jpg (foto: Hallgeir Hove)

Naturleg er det også at mykje av det som skjer i den komane perioden, er utandørsarrangement. Dette gjeld både arrangementa ved Ytste Skotet, naturleg nok alle turane i regi av Stordal Turlag, Langsæterdagane i regi av Stordal Sogelag og sommarfesten ved badeplassen på Øyna, i regi av Øvre Stordal Vel.

Laurdag den 25. august, er det på ny også klart for Langsæterdagane, eller stølsdagen om ein vil. Det er då på Kvitlane det skjer (den første av dei to stølane, som saman utgjer Langsætrane). Det er, tradisjonen tru, Stordal Sogelag som inviterer. Sjå gjerne våre tidlegare reportasjar om dette flotte arrangementet. Dagen etter, altså søndag 26. august, er det friluftsgudsteneste og kulturelle innslag på Puskenstølen. 

I slutten av august startar så fotballen å rulle igjen med seriekampar på Kirkebø Stadion. Først ut er herrelaget, med kamp mot Rollon2 den 22. august. Så er det ikkje minst verd å merke seg at damelaget i 4. divisjon, tek imot Aksla, torsdag den 30. august. Når laga tek ferie no, er det nettopp Aksla som toppar tabellen, men med dei flinke stordalsdamane på 2. plass og det er berre 2 poeng som skil dei. Veka etter er det Hødd2 som kjem på besøk. Liten tvil om at det ligg an til å bli ein spanande haust på Kirkebø Stadion.

Fredag den 7. september er det klart for stor jubileumsfest for Stordal og Liabygda pensjonistlag. Tenk at dette driftige laget no feirar 40 år! Sjå gjerne også reportasjen frå då laget feira sitt 30 årsjubileum

I tillegg til oversikta over arrangement, minner vi igjen om oversikta over faste aktivitetar og opningstider. No er det slik at det også når det gjeld dei faste aktivitetane, er noko rolegare i juli og det er feriestenging her og der. Men medio august, vil vi presentere ei ny, omfattande og innhaldsrik oversikt over dei mange tilboda rundt omkring i kommunen vår.

Så kan vi oppmoda alle om å utnytte dei flotte muligheitene vi har rundt oss, anten det no er til lands, eller til vanns. Om det er toppturar, eller berre ein liten tur i nabolaget.

For mange er Stikk UT! det som motiverer til å kome seg på tur, medan det for andre er fisken i dei mange flotte fjellvatna våre som dreg. Det vert også meldt om landing av større fisk, både i Stordalselva og ute på fjorden.

Med dette ynskjer vi alle ein super sommar, der ein både får tid til å slappe av og ladde batteria, men samtidig også passar på å legge inn fysisk aktivitet tilpassa eigne føresetnadar.

 

Sjå kulturkalender nr 3 - 2018 her (PDF, 51 kB)

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Stordal IL 4. div. med tabelltopp juni 2018.jpg
Stordal IL 4. div. med tabelltopp juni 2018.jpg
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS