Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Denita Music tilsett som helsesekretær ved Stordal legekontor

Denita1.png - Klikk for stort bilde Denita Music er tilsett som helsesekretær ved Stordal legekontor.

Publisert av Siv Krokfoss. Sist endret 09.05.2018

Litt om meg sjølv:

Eg heiter Denita Music og kjem frå Bergen. Sidan januar i år har eg vært ansatt i 50% stilling som helsesekretær ved Stordal legekontor. I løpet av mai skal eg også byrje som helsesekretær ved Stranda legekontor. I tillegg er eg også hudpleiekonsulent for MaryKay.

Eg er autorisert helsesekretær og tok utdanninga mi på Lønborg vidaregåande skule i Bergen. Tidlegare har eg arbeidd på Haraldsplass diakonale sjukehus ved radiologisk avdeling som sekretær. Eg har generell studiekompetanse med kontor og administrasjon, sal, Service og Sikkerhet og har erfaring innan forskjellige serviceyrker. I tillegg har eg også vært dagleg leiar for Panda mat Sandsli.

I fritida går eg ofte turar. Eg elskar naturen og trivs godt her. Eg likar utfordringar og gler meg til nye og spanande erfaringar her i Stordal kommune.
 

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

vår på smitaket
vår på smitaket
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS