Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Endeleg klart for juleshow med Maria, Big Odd Band og mange fleire!

Juleshow med Maria, BOB og BVV 2017 - plakat - Klikk for stort bildeJuleshow med Maria, BOB og BVV 2017 - plakat

Vi har tidlegare skrive om dei mange flotte konsertane i den perioden vi no er inne i. Ein av dei det definitivt er knytt store forventningar til, er den på komande søndag (10. desember), der vi får oppleve Maria Holand Tøsse, Trygve Sætre, Big Odd Band, Indre Strøk og Big Valley Voices i ein og same konserten. Heile 50 musikarar kjem til å stå på scena og gje oss julesangar i storbandstil!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 07.12.2017

Juleshow med Maria, BOB og BVV 2017 - Klikk for stort bildeJuleshow med Maria, BOB og BVV 2017 Juleshow med Maria, BOB og BVV 2017 - Klikk for stort bildeJuleshow med Maria, BOB og BVV 2017 Juleshow med Maria, BOB og BVV 2017  - Klikk for stort bildeJuleshow med Maria, BOB og BVV 2017 Juleshow med Maria, BOB og BVV 2017 - Klikk for stort bildeJuleshow med Maria, BOB og BVV 2017

Konserten har alt fått fyldig dekning i media og i tillegg er det stor interesse også på sosiale media. Det blir også stor førehandsreportasje i Storfjordnytt i morgon og ikkje minst merkar vi oss at Maria er gjest hjå Radio Ålesund i kveld, der ho skal snakke meir om konserten. Det er ikkje vanskeleg å forstå at det er knytta stor interesse kring konserten, når så mange dyktige musikarar - spreidd over eit så stort område geografisk - kjem saman.

Maria melder også at det er mange som førehandskjøpt billettar og då spesielt frå Ålesundsområdet. Normalt er det slik at dei innfødde her i Stordal og gjerne også i området rundt, reknar med at det går greit å få kjøpt seg billett i døra og den muligheita vil vere der denne gongen og. Men det spørs om det ikkje kan vere fornuftig at endå fleire faktisk nyttar seg av muligheita som ligg i å ordne dette på førehand. Då slepp ein å måtte stå i lang kø for å få kome inn.

Maria har sjølvsagt laga til ein flott presentasjon av dei vi får oppleve på scena. Den bør du få med deg!

Sjå også vår tidlegare førehandsreportasje for endå meir.

Meir om Maria her: https://www.facebook.com/oppdragmaria/

Meir om Big Odd Band:https://www.facebook.com/bigoddband/

Meir om Big Valley Voices: https://www.facebook.com/bigvalleyvoices/

 

Vi får altså oppleve desse:

Storbandet Big Odd Band/ dirigent Odd Fossum
Vokalist Maria Holand Tøsse
Vokalist Trygve Sætre
Indre Strøk (15 unge og talentfulle strykarar)

Gjestar: Big Valley Voices m/dirigent Solveig Maria Nedregård. Dei skal gjesteopptre saman med Maria og heile orkesteret på nokre av låtane!

Dette blir ei oppleving som passar for heile familien.

Du kan kjøpe billettar i døra eller på Tikkio:

https://tikkio.com/tickets/3609-juleshow-med-maria-bob-og-bvv

Sal av kaker, kaffe og brus før konserten og i pausen.

18.00: Dørene åpner
18.30: Konsertstart
20.30: Konsertslutt

V e l k o m m e n til Juleshow i Stordalshallen, søndag 10. desember!
 

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Utsikt frå Almåssætra mot Seljebotn | Fotograf: Arild Hove
Almåssætra
Arild Hove
Levert av ACOS AS