Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Endra tenestetilbod i NAV Storfjorden, Stordal

Logo NAV Storfjorden  - Klikk for stort bilde

 

 

Frå 24. april vil ikkje publikumsmottaket i Stordal vere ope for anna enn forhåndsavtalte møter . For andre henvendingar kan du bruke våre heimesider www.nav.no eller ringe vårt kontaktsenter på tlf 55 55 33 33.

Du kan også bruke pbulikumsmottak i Ørskog som er ope måndag og onsdag kl 10 – 15, eller i Norddal som er ope onsdagar kl 10-15

 

Publisert av Alexander Oudijk. Sist endret 26.04.2017

 

Nav frigjer tid til oppfølging av ungdom, personar med nedsett arbeidsevne og andre som står eit stykke frå arbeidslivet. For å lukkast gjer vi våre heimesider til den primære kanalen for kontakt med NAV. Dersom du kan løyse di sak ved bruk av digitale løysingar skal du ikkje lengre bruke det lokale NAV-kontoret.

Frå april gjer NAV endringar i tenestetilbodet til publikum. Den teknologiske utviklinga gjer at vi kan levere stadig fleire og betre tenester til publikum digitalt. Erfaringar frå forsøkskontor viser at fleirtalet ønsker å løyse si sak digitalt utan å oppsøke det lokale NAV-kontoret. Når du bruker våre digitale løysingar får du rettleiing undervegs i søknadsprosessen, søknaden kjem raskare fram til rett sakshandsamar, feilkjeldene blir færre og du får kvittering på levert søknad med det same.

 

Det største NAV-kontoret heiter www.nav.no og er ope heile døgnet.

Frå våre internettsider www.nav.no bruker du BankId for pålogging til «DittNAV».

Ved hjelp av våre sjølvbetjeningsløysingar kan du registrere deg som arbeidssøkar, sende søknader og laste opp vedlegg, sende meldekort, sjekke dine sjukmeldingar, endre kontonummer og søke på ledige stillingar. Du får oversikt over dokument i saka di og kan sjå status på søknader og utbetalingar. Dette er nokre av tenestene du får tilgang til frå våre heimesider.

Når du er pålogga «DittNAV» har du også tilgang til tenesta «Skriv til oss».

Kvalifiserte rettleiarar i NAV Kontaktsenter

Finn du ikkje svar på dine spørsmål ringer du vårt Kontaktsenter 55 55 33 33. Der er spesialiserte rettleiarar klar til å hjelpe deg med å bruke sjølvbetjeningsløysingane og gi deg svar på spørsmål du ikkje finn ut av sjølv. Dersom kontaktsenteret ikkje kan hjelpe vil dei sette deg i kontakt med rett person i NAV.

Kva skal vi gjere på NAV-kontoret?

Dersom du ikkje kan bruke våre digitale løysingar skal du framleis få hjelp på ditt NAV-kontor. Vi gjer ikkje jobben for deg men rettleiarane i kontoret vil hjelpe deg slik at du får tilgang til NAV sine tenester. Derfor må du ikkje bli overraska dersom du får spørsmål om du har brukt heimesidene våre neste gang du kjem til NAV-kontoret.

NAV-kontoret skal bruke tida på dei som treng det mest. Vi prioriterer ungdom og andre som står eit stykke frå arbeidslivet. Vi samarbeider med arbeidsgivarar, helsepersonell og andre aktørar. Slik skal NAV bidra til at flest mulig kan delta i arbeid. Det er det vi er bedne om å prioritere og som vil gi den største samfunnsnytta.

NAV-kontoret er rett adresse dersom du har avtalt møte med rettleiar eller treng hjelp til bruk av våre digitale løysingar. For svært mange andre tenester bruker du vårt største NAV-kontor - bli digital og hjelp oss å prioritere dei som treng det mest. Velkommen til nav.no!

 

Anders Norvald Hammer

Nav Storfjorden

 

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Kvitlane 7.nov 2009
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS