Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Eventyrleg flott jubileumsår for Stordalshallen!

Gursken Skulekorps kan stå som døme på dei mange gruppene som har positive opplevingar her hjå oss - Klikk for stort bildeGursken Skulekorps kan stå som døme på dei mange gruppene som har positive opplevingar her hjå oss Hallgeir Hove

Når vi no er godt i gong med eit nytt år, er det på tide med ei lita oppsummering av det året vi har lagt bak oss.  Å bruke omgrep som eventyrleg flott, når ein skal skildre noko, er naturlegvis litt vågalt, men når det gjeld Stordalshallen - og alt det flotte som skjedde der også i 2017 - er det absolutt innanfor. Som dei fleste har fått med seg var dette eit jubileumsår for oss, noko vi fekk markert på skikkeleg vis. Så gler vi oss også stort over at 2018 - om mogleg - ser ut til å verte endå meir innhaldsrikt!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 04.01.2018

Ordførar Olav Bratland tek her det første spadetaket i samband med realiseringa av Stordalshallen, for over 20 år sidan - Klikk for stort bildeOrdførar Olav Bratland tek her det første spadetaket i samband med realiseringa av Stordalshallen, for over 20 år sidan Kjell Mulelid og Eli Søvik (t.v.) er døme på instruktørar som har stilt opp for Stordalshallen i alle desse 20 åra! - Klikk for stort bildeKjell Mulelid og Eli Søvik (t.v.) er døme på instruktørar som har stilt opp for Stordalshallen i alle desse 20 åra! Juleshow med Maria, BOB og BVV 2017 - eit godt døme på dei mange suverene arrangementa i Stordalshallen - Klikk for stort bildeJuleshow med Maria, BOB og BVV 2017 - eit godt døme på dei mange suverene arrangementa i Stordalshallen Hallgeir Hove Coldwater Prawns of Norway kom på plass i november i fjor og som ein ser er det i ferd med å fyllast bra opp på veggane, for å seie det sånn - Klikk for stort bildeColdwater Prawns of Norway kom på plass i november i fjor og som ein ser er det i ferd med å fyllast bra opp på veggane, for å seie det sånn

Kort fortalt har vi laga 86 reportasjar der vi har fått fram ein heil del av alt dette flotte. Vi har vidare fått synnleggjort mykje av dette takka vere heile 28 eineståande bildegalleri med til saman heile 2.621 bilder. Vidare har vi lagt ut filmsnuttar og delt reportasjar som andre har laga om oss. Ja, vi kan trygt slå fast at også synleggjeringa og dokumentasjonen har vore god, for å seie det sånn. Eiga facebookside bidreg til at vi når ekstra langt ut og der kan vi også gle oss over at vi i løpet av jubileumsåret vårt også passerte 1.000 fyljarar. (vi trekker ut heldig vinnar av gåvekort med det aller første!)

Det eine flotte arrangementet har avløyst det andre og i tillegg har vi også dette året hatt ei rad kjekke besøk, frå fjern og nær (om du tek eit tilbakeblikk på dei 86 reportasjane, vil du få eit inntrykk i høve det vi siktar til). Stas er det då også å registrere at dette ser ut til å bli endå betre i 2018. Her kan vi igjen kort nemne at Stordalshallen også blir midtpunkt i samband med gjennomføringa av fylkesmønstringa av UKM i 2018. Nemnast bør det også at vi stadig vekk vert nøydd til å meddele grupper som ynskjer besøke oss, at det dessverre alt er reservert av andre.

Når vi kan dokumentere all denne suverene aktiviteten og vise til den eine flotte tilbakemeldinga, betre enn den andre, er det også slik at det vert stadig meir attraktivt å kome med som samarbeidspartnar. Kombinerer ein dette med å utvikle eit profileringskonsept, få andre truleg kan vise til, ja så blir det fort slik at det vert knapt med ledig plass på veggen, for å seie det slik. Stordalshallen kan no gle seg over å ha eit nært og godt samarbeid med over 100 verksemder fordelt utover heile landet.

Avslutningsvis nyttar vi høve til å takke alle desse verksemdene, for godt samarbeid også i 2017. Vidare takkar vi alle dei som har stått bak dei mange flotte arrangementa dette året, vi takkar også publikum som har møtt fram. Så takkar vi - ikkje minst - dei mange gruppene som har besøkt oss også inneverande år og gler oss over at dei ynskjer kome att, år etter år. Ei stor takk - heilt til slutt - til dei mange som stiller opp for Stordalshallen, anten det no er i samband med Årsfestane, i form av anna dugnadsarbeid, som t.d. Ole Aasen (som nyleg trekte opp att sofa i foajeen vår) som instruktørar i klatreveggen, på skytebana, på konkurransetrampolina, eller elles.

Vi kan nok med rette hevde at vi kan sjå tilbake på eit eventyrleg flott jubileumsår for Stordalshallen, ja kanskje vi rett og slett skal våge oss på å hevde at det har vore 20 eventyrleg flotte år?

Uansett ynskjer vi iallefall alle saman eit godt nytt år!

 

Sjå gjerne reportasjen vi laga vedr den store medieinteressa i høve jubileet vårt

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Frå Jøssvollbotnen | Fotograf: Bjørnar Midtbust
Posten skal fram!
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS