Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Familiekveldstur med friluftsrådet

Baalbillede_Ole_Lennart_OEy_Vassbotn-jpg-960.jpg - Klikk for stort bilde Friluftsrådet arrangerer ein spennande kveldstur for familier i kvar medlemskommune i november!

Bli med oss på tur! Alle turane startar kl 1800

Publisert av Siv Krokfoss. Sist endret 01.11.2019

Vi går i lag frå parkeringa og vel framme ventar kakao og kulturelle innslag kring bålet.

Arrangementa er familievenlege og opne for alle og det er berre å møte opp. Det er ikkje påmelding . 
Turane varer om lag 2 timar, men ein kan dra heimatt når det passer.  Vi går ei refleksløype så det er lett å finne vegen att til parkeringa på egen hand. 
De aller fleste turane passar for rullestol og barnevogn. De turane som ikkje er rullestols/barnevognsvenlege har en merknad om dette i lista nedanfor.
Gjer vel og ta med:
  • Varm klede
  • Sitteunderlag
  • Kopp
  • og ikkje minst hovudlykt!  
 
Vi startar arrangementet og turen kl 1800 ved parkeringa. Så gjer vel og kom litt før kl 18. så vi er klare til å gå samtidig.
 

Oversikt over turane - klikk på kartet her

Alle turane startar kl 1800 på parkeringa.
 
Alle turane er barne- og familievennlege.
Mange av turane høver også for barnevogn og for rullestol med hjelpar. 
Men berre Elvastien i Sjøholt er tilnærma universelt utforma. 
Gjer vel og sjekk turskildringa i turkorta for meir informasjon
 

Dato

Kommune

Stad

Parkering

Tysdag 5.11

Ålesund

Tueneset

Parkeringa ved Atlanterhavsparken

Onsdag 6.11

Norddal

Valldal - Bedringens veg

Parkeringa ved hamna

Torsdag 7.11

Giske

Vigra - Budafjellet

Parkeringa ved Sandvika

Måndag 11.11

Haram

Slyngstad - Slyngstadvatnet

Parkeringa ved Slyngstadvegen/Fannedalsvegen

Tysdag 12.11

Skodje

Utløa på veg mot Apalviksætra

Den store parkeringa på Benken På Stien

Onsdag 13.11

Sula

Mausavatnet

Parkeringa ved Bakkenesvegen

Torsdag 14.11

Stordal

Elvaforbygginga

Parkeringa ved Hamna (barnevognsvennleg, rullestol treng hjelpar)

Måndag 18.11

Stranda

Barlia

Parkeringa på Barlia mellom nr. 24 og 32

Tysdag 19.11

Volda

Heltnelihuken

Parkeringa ved vasshuset

Onsdag 20.11

Ørsta

Hovdevatnet

Parkeringa ved Hovden Møbel

Torsdag 21.11

Ørskog

Sjøholt - Elvastien

Parkeringa ved kyrkja

Torsdag 28.11

Vestnes

Kråkneset

Parkeringa ved stadion 

Fredag 29.11

Ulstein

Fløstranda

NB! Ved dårleg vêr blir turen flytta til Bugardsmyrane. Følg med her eller på FB Fritidifriluft

Parkeringa ved Gåsneset

 
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Løsetsætra
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS