Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Digitalisering og innbyggjarfokus i nye Fjord kommune

Kommunevåpenstordalnorddal - Klikk for stort bilde

Nærmare 30 tilsette deltok på workshop med PwC i samband med oppstart av prosjekt digitalisering Fjord kommune 2020. 

“Vi er allereie godt i gang med m.a. velferdsteknologi innan helse og omsorg, bruk av smarte tavler i undervisninga, beredskapsApp og fleire elektroniske søknadsprosessar”,  oppsummerar rådmennene etter runden rundt bordet. “Vi ser at det finst mange digitale verktøy som forenklar kvardagen vår, og som gjere det lettare å kommunisere både internt og eksternt”.
 

Publisert av Siv Krokfoss. Sist endret 26.02.2018

Digitaliseringsstrategi.jpg - Klikk for stort bilde

 

I prosjektet skal vi setje innbyggjaren i sentrum for vår tenesteutvikling, og har allereie fleire spennande innbyggjarprofilar som vi skal jobbe med:

  • “Umotiverte Unni” som er 18 år, og slit med angst og treng hjelp for å kome seg vidare i livet.
  • "Sjølvhjulpne Silje” har nyleg flytta til kommunen saman med familien, og treng barnehageplass, spesialundervisning for ei dotter med skrivevanskar, hus og arbeid.
  • “Rune Rullator” er 80, og ønskjer å bu heime til trass for fleire helsemessige utfordringar
  • “Nils Næring” skal utvikle bedrifta si

Felles for alle er at dei treng hjelp frå kommunen på ulike måtar.

Mandatet frå fellesnemnda:

“Ved etablering av den nye kommunen vil begge tidlegare kommunar samordnas på same IKT-plattform. Ambisjonen er å ta i bruk gode IKT-verktøy som letter dialog mellom kommunen og innbyggjarar/næringsliv”.

I arbeid med digitaliseringsstrategi skal vi definere mål, og konkretisere aktivitetar for å jobbe vidare med dette.

Vi gler oss til vegen vidare, og håpar du er positiv til denne spennande reisa i lag med innbyggjarane våre!

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Mebu
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS