Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Førehandsrøysting i Stordal kommune - Stortingsvalet 2017

* - Klikk for stort bilde I haust er det Stortingsval. Valdagen er sett til måndag 11. september. Om du ikkje har høve til å røyste på valdagen kan du røyste på førehand f.o.m. torsdag 10. august t.o.m. fredag 8. september. Hugs å ta med legitimasjon, pass, førarkort eller bankkort. Valkortet - som er utsendt til alle røysteføre - er ikkje gyldig legitimason. 

 

Klikk "les mer" for meir informasjon

Publisert av Siv Krokfoss. Sist endret 06.09.2017

* - Klikk for stort bilde Du kan røyste på førehand i den kommunen som passar deg best - uavhengig av kva kommune du er manntalsført. Røystar du på førehand kan du ikkje røyste på valdagen. Di røyst på førehand kan berre gjerast ein gong og er altså endeleg.

I Stordal kommune kan du førehandsrøyste på:

Servicekontoret på kommunehuset:
måndag t.o.m. fredag kl. 09.00-15.00. 
Langope torsdag 7. september til kl. 17.00

Det vert høve til å førehandsrøyste på Stordalstunet:
onsdag 6. september kl. 10.00 - 12.00. Alle som ønskjer det kan røyste der.

Sjuke- og uføre kan søkje om å få røyste heime ved å skrive eller ringe til Servicekontoret, tlf: 70 27 91 00, Kommunehuset, 6250 Stordal. Søknadsfrist for ambulerande røysting er sett til tirsdag 5. september kl. 12:00.

Utlegging av manntalet - offentleg ettersyn:
For å kunne røyste ved Stortingsvalet må du stå i manntalet. Du har rett til å bli innført i manntalet i den kommunen du er folkeregistrerført som busett 30. juni 2017. Manntalet i Stordal kommune er lagt ut til off. ettersyn på Servicekontoret fram til og med valdagen. Les meir på valg.no

Vi beklagar at teksten på valkortet som er utsendt, inneheld feil tidspunkt for førehandsrøysting og langopent.
 



 

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Tora Moe
Utsikt frå Mohornet
Tora Moe
Levert av ACOS AS