Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Hallgeir Hove
Tommelen opp for Friluftslivets år 2015! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Denne spreke gjengen frå Mental Helse Stordal hadde sjølvsagt lagt opp til eigen bygderunde først og var også først ute ved arrangementsområdet fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Geir Haugli (t.h.) var imponert over både opplegg og oppslutning fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Området ved stadion, hall og skule, opnar opp for mange kjekke aktivitetar fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Bjørg Jacobsen lagar den nydlegaste kaffen til ære for ordføraren vår som altså då etterkvart overnatta i lavvo ved stadion fotograf Hallgeir Hove

Friluftslivets år 2015 offisielt opna!

Tysdag 13. januar var det markeringar rundt omkring i heile landet vårt, i samband med at 2015 er peika ut som Friluftslivets år. Her i Stordal var det lagt opp til eit innhaldsrikt og kjekt program og oppslutninga var særs god. Til liks med 212 andre ordførarar rundt om i landet, overnatta også ordføraren vår ute.   

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 16.01.2015

Om lag 150 små og store deltok då Friluftslivets år vart opna i dag. Dei første som var på plass, var ein god gjeng frå Mental Helse Stordal. Sjølv om klokka berre var rundt elleve på føremiddagen, hadde dei alt vore ute på trim-tur. Med på turen, og sjølvsagt med på arrangementet ved Kirkebø Stadion, var også Geir Haugli frå Friluftsrådet. Han let seg imponere både over det flotte arbeidet Mental Helse legg ned i Stordal, og det flotte arrangmentet i samband med opninga av Friluftslivets år.

I tur og orden kom dei, både frå Andershaugen barnehage og frå Stordal skule. No var det klart for felles lunsj i det fri. Suppa til sjefskokk, Terje Hagevik, smakte fortreffeleg, det same gjorde også pinnebrød som vart steikt på bålet. I tillegg til suppe og kos kring bålet, vart det både viking-leikar, aking og mykje anna kjekt. Her hadde elevane frå mellomsteget fått som oppgåve å organisere leikar for dei aller yngste, noko som også såg ut til å fungere veldig bra. Folkehelsekoordinator, Inger Birgitte Tandstad, kan verkeleg seie seg nøgd med arrangementet og supert å registrere den store oppslutninga kring markeringa. Truleg ikkje mange som kan vise til slik prosentvis høg deltaking, vil vi tru.

Men tru ikkje at vi var ferdige med dette. Som kjent skulle mange av landets ordførarar overnatte ute i samband med opninga av Friluftslivets år og ordføraren vår var naturlegvis ein av dei. For å gjere det triveleg for han, hadde Bjørg Jacobsen, godt hjelpt av Oliver og Regine, laga til med fakklar og snølykt. Eld på bålpanna var det og, og det herligste kaffen vi har smakt på lenge, vart servert.

Ein særs kjekk og vellukka dag er vel i hamn og også her i Barnas kommune kan vi no 
konstatere at vi verkeleg har fått markert at Friluftslivets år 2015 er offisielt opna.

Sjå meir om Friluftslivets år 2015 i vår førehandsreportasje

Sjå eige bildegalleri på Barnas kommune si facebookside

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Rosekyrkja mot nord
Rosekyrkja mot nord
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS