Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Full fart, som vanleg!

Nettsida til Møre og Romsdal Skikrets sept 2019 - Klikk for stort bilde

På Møre og Romsdal Skikrets si side, kan vi lese at langrennsgruppa i Stordal IL, på ny inviterer til samling første helga i haustferien. Det er Stordalshallen som er base for samlinga og denne 12. utgåva kan stå som eit godt døme på kor populært det er å gjennomføre øvingshelgar, treningssamlingar o.l., nettopp her hjå oss.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 09.09.2019

Stordalssamlinga i langrenn 2018 - Klikk for stort bildeStordalssamlinga i langrenn 2018 Hallgeir Hove Ulsteinvik skulekorps feb 18 - Klikk for stort bildeUlsteinvik skulekorps feb 18 Hallgeir Hove Aksla J 10 - april 2019 - Hurra for Aksla J 10!  - Klikk for stort bildeAksla J 10 - april 2019 - Hurra for Aksla J 10! Hallgeir Hove Gursken Skulekorps - Klikk for stort bildeGursken Skulekorps Hallgeir Hove

Å legge øvingshelgar og treningssamIingar til Stordalshallen er ein sikker vinnar. Tradisjonen tru, er - som nemnt - langrennsgruppa klar med Stordalssamlinga, første helga av haustferien. Då samlast utøvarar frå heile fylket til ei helg fullspekka med trening og sosiale aktivitetar. Årets utgåve, blir faktisk den 12 i rekkja! (legg merke til at du finn reportasjar og bilder frå samtlige av desse samlingane om du berre fyl lenkene) Dette er helga frå 4. til og med 6. oktober og arrangørane har no opna for påmelding.

I april i år hadde vi nok eit handballag frå Aksla på besøk og nettopp Aksla IL kan stå som eit godt døme på kor populært det er for idrettslaga rundt om å besøke oss. I vår reportasje den gongen tok vi også eit tilbakeblikk på ikkje mindre enn 12 tidlegare "Aksla-besøk".

Også for skulekorpsa på heile Sunnmøre, er Stordalshallen det naturlege førstevalet. Når vi skriv oktober, ligg det an til at vi vil få besøk av fyljande korps: Langevåg skulekorps, Fiskerstrand skulekorps, Blindheim skulekorps, Søvik/Gamlem skulekorps og Brattvåg skulekorps. Ulsteinvik skulekorps er eitt av mange som kjem att kvart år (besøket i februar i år, var deira fjerde) og både Jøleik og Gursken skulekorps har vi også hatt gleda av å ha på besøk og i vårt nyhendearkiv finn ein reportasjar som viser at so å seie alle skulekorps i regionen har besøkt oss. Alt no, er det klart at også Haddal skulekorps ynskjer å gjennomføre øvingshelga si her. Det blir mest truleg i starten av januar månad. For alle som ynskjer å legge turen hit, er det lurt å ta kontakt med oss tidleg om det er slik at ein er låst til ei, evt nokre få helgar.

Sokalla "blåturar" eller sosiale turar om ein vil, er også populært og vi har også denne hausten motteke bestillingar av det slaget.

Det er mykje å sjå fram til, også når det gjeld arrangement. Noko av det første vi kan gle oss til, er møtet med Per Christian Ellefsen, søndag 29. september. Når vi kjem til november er det mykje som tyder på at vi kan gle oss til ein ny konsert i regi av Stordal Hornmusikklag, berre for å ha nemnt litt også når det gjeld arrangement.

I tillegg kjem naturlegvis alt av faste aktivitetar frå veke til veke. Så ja, det blir definitivt full fart framover, også denne hausten!

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Hallgeir Hove
Bilete frå visningstur 06 I
Hallgeir Hove
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS