Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Kristian Almås
Frå prisoverrekkjinga. Vinnarane mottok m.a. flott diplom, akvarellar laga av Inger Giskeødegård og eigne plakettar. fotograf Kristian Almås
Fotograf: Stordal Sogelag
Ystegarden er den eine av dei to gardane, som har fått prisen. Her frå opptaka i samband med Den Store Hesteferda i 2004. fotograf Stordal Sogelag
Fotograf: Hallgeir Hove
Per Ivar Moe (t.v. for) ordføraren og Jon Holt (t.h.) i samband med opninga av stampa. fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Per Kjell Holtleite, framfor gruva i stampa. fotograf Hallgeir Hove
Jøsvolltuna
Eldre oversiktsbilde av tuna, frå Riksantikvaren.

Godt vern-prisen til Jøsvoll-tun.

Årets Godt vern-pris vart delt mellom dei to Jøsvoll-tuna i Stordal. Eigarane av Framigarden er Jon og Asbjørg Holt, medan det er Per Ivar og Else-Turid Moe som eig Ystegarden. Sist søndag mottok dei denne flotte utmerkinga. Sjølve overrekkjinga fann stad i Indre Herøy kyrkje.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 17.09.2009

Det er eit særs omfattande arbeid som er lagt ned for å ta vare på bygningane i dei to klyngetuna og det er eit arbeid som har pågått over mange år. I grunngjevinga frå juryen heiter det m.a.: "Tuna på Jøsvoll, med over 200 år gamle bygningar har stor verdi som verneobjekt." 

Per Kjell Holtleite var også til stades i samband med prisutdelinga. Han har stått bak mykje av sjølve restaureringsarbeidet. Elles på bildet frå utdelinga ser ein framme frå venstre: Asbjørg og Jon Holt. Bak frå venstre: Juryleiar Kåre Beite, leiar Thor Bjørlo i Fortidsminneforeningen på Sunnmøre og Hanna Relling Berg,  ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten.

Ein viser elles også til eigne reportasjar om gjenreisinga av Jøsvollstampa, der Jon Holt og Per Kjell Holtleite også har vore sentrale personar. (Sjå lenke nedanfor) 

Godt vern-prisen vart oppretta i 1984 av Fortidsminneforeningen avdeling Sunnmøre og Sunnmørsposten. Prisen har vore delt ut årleg til eigarar/forvaltarar av hus og bygningar som har teke vare på den arkitektoniske og antikvariske verdien i eigedomen.

Sunnmørsposten hadde flott reportasje frå overrekkjinga i avisa si, måndag den 14. september og det er å håpe og tru at denne også vil dukke opp i nettutgåva til avisa.

Det er elles verd å merke seg at prisen i 2003 gjekk til Bodil og Ivar Holmen for deira innsats knytt til å halde m.a. våningshuset på Stordalsholmen så godt i hevd. (Sjå lenke til reportasje, der ein også fin lenke til meir informasjon om tidlegare prisvinnarar)

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Ytste-Skotet
Ytste-Skotet
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS