Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Fysioterapi

Stordal Fysikalske Institutt (Pedrobygget)
Besøks- og postadresse: Strandgata 27, 6250 Stordal.

Sist endret 16.08.2018

Fysioterapeutar har som mål å betre funksjon og livskvalitet hjå sine pasientar. Pasientane er personar i alle aldre som treng behandling, opptrening eller rehabilitering grunna skadar, sjukdom eller funksjonsnedsetting. Det gjerast alltid ei funksjonsundersøking før ein startar opp med behandling. Her undersøker ein t.d. rørsle, styrke, uthald, balanse, koordinasjon, motorikk m.m. Behandlingsmetode blir valt ut ifrå kva ein finn i undersøkinga, og i samarbeid med pasienten. Fysioterapeutar jobbar både med einskildpersonar og grupper. I tillegg driv fysioterapeutar med helsefremjande og førebyggjande arbeid. Dei samarbeidar med mange ulike faggrupper om pasientane: lege, helsesøster, tilsette i barnehagar og skular, PPT, sosionom, sjukepleiar, ergoterapeut, NAV, rehabilitering- og habiliteringstenester, m.fl. Samarbeid skjer etter samtykke frå pasient.

 
Følgjande fysioterapeutar har driftsavtale med kommunen:

Marit Leganger Braute - fysioterapeut og osteopat i 40% stilling
Telefon: 91347636, e-post: ma.le.braute@gmail.com
Arbeidsdagar: Tysdag og fredag frå kl. 08.00 - 15.30

Marte Helseth Hansen - privatpraktiserande fysioterapeut i 50% stilling 
Telefon: 99474737, e-post: marte@stordalfysikalske.no
Arbeidsdagar: Tysdag, torsdag og annankvar fredag frå kl. 08.00 - 15.30

Annett Karluss - kommunal fysioterapeut i 50% stilling
Telefon: 48223802, e-post: annett.karluss@stordal.kommune.no
Arbeidsdagar: Tysdag og annankvar måndag, onsdag og fredag

For behandling tek ein kontakt med Marit eller Marte.
Annett kan kontaktast ved spørsmål om hjelpemidlar.


Pris
Kva type behandling ein får bestemmer kva ein skal betale i eigenandel. Ein betalar eigenandel i fylgje gjeldande takstar i Takstplakaten (sjå www.fysio.no). Nokre pasientar har rett til fri behandling. Dette gjeld barn og pasientar med godkjend yrkesskade. Når ein har nådd eigenandelstak 2 , har ein rett på fri behandling.

Aktuelle lover og retningslinjer
Pasientrettigheitslova
Kommunehelsetenestelova
Forskrift om stønad til dekning av utgifter til fysioterapi
Forskrift om habilitering og rehabilitering
Forskrift om eigenandelstak 2

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: John Kristian Hjelle
Jonsokfeiring i Stordal
John Kristian Hjelle
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS