Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Helsesøsterteneste i Stordal kommune

Helsesøster held til i 2.etasje i det nye helsehuset i Stordal sentrum. Helsestasjonen har kontortid måndag, tysdag og fredag

Helsesøstertenesta i kommuna er ei lovbestemt teneste som omfattar blant anna helsestasjons-og skulehelseteneste.
Helse og omsorgstenestelova og folkehelselova ligg til grunn for tenesta. Ulike veiledarar og nasjonale faglege retningsliner frå helsedirektoratet gjev føringar for korleis denne tenesta skal utformast.

Målet med tenesta er å bidra til å fremme helse og trivsel, forebygge sjukdom, skade eller liding.

Tenesta innber veiledning, helseundersøkjingar, vaksinasjoner og tverrfagleg samarbeid.

Samarbeidspartnarar er føresette, legetenesta, fysioterapeut, ergoterapeut, skular, barnehagar, PPT, barnevern, psykisk helseteneste, tannhelsetenesta, BUP og elles andre avdelingar på sjukehuset og frivilligsentralen . I tillegg er Stordal med i eit interkommunalt helsesøstersamarbeid med fleire kommunar.

Reisevaksiner

Råd, rettleiing og vaksinasjon i samband med utanlandsreiser har legekontoret ansvaret for.

Kontaktinformasjon: 
Helsestasjonen held til i 2 etasje i helsehuset i Stordal sentrum.

Stordal helsestasjon
6250 Stordal

Fagansvarleg helsesøster:
Monika Irene Stavseng
 
Telefon: 70279100 (Stordal kommune)
direkte: 70279155

Mobil: 90 25 84 18


Medisinsk fagleg ansvarleg er Michael Aasen
 


Opningstid: 9-15.30 (Måndag, tysdag og fredag)

Helsestasjon

Helsestasjonstilbodet omfattar born i alderen 0-5 år, sjå helsestasjonsprogrammet. (DOC, 29 kB)
I helsestasjonstilbodet er det kun enkeltkonsultasjoner ( ikkje gruppe), grunna for få born på same alder. Unntaket er at det vert arrangert eit barseltreff saman med jordmor ei tid etter fødselen. Treffet vert halde på frivilligsentralen når det vert mange nok i ei gruppe.

På dei fleste konsultasjonane er kun helsesøster tilstades, nokre gongar er det også time med lege.

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenestetilbodet omfattar born frå 5-20 år, og er ei vidareføring av helsestasjonstilbodet.
Monika er tilgjengeleg for elevane kvar måndag frå kl. 09.30-11.30 på møterommet på skulen. Ved behov ellers, kan elev eller føresette treffe helsesøster på helsestasjonen. Det kan vere ein fordel å avtale tid for dette, då helsesøster kan vere opptatt i møte, heimebesøk el.lign.

I tillegg til dette, har helsesøster fått i oppgåve å administrere røyk, snus og rusfrikontrakt som alle elevane i ungdomsskulen får tilbod om.

Føresette og elevane kan sjølvsagt kontakte helsesøster utanom dei rutinemessige kontaktane.

Her er ei brosjyre (DOC, 192 kB) om skulehelsetenesta.
 

Helsesøster
Helsesøster
NamnOpningstider TelefonEmail
Monika Iren StavsengMåndag, tysdag ,fredag08.30 - 15.3070 27 91 55E-mail
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Andersgarden
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS