Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Koordinerande eining og individuell plan

hjerte

Alle kommuner skal ha eit organ eller ein etat som har ansvaret for habilitering og rehabilitering av personar med behov for langvarige og koordinerte tenester frå kommunen.

puslespel
-
Den koordinerande eininga - KE - skal ha oversikt over kva tenester som er tilgjengelege i Stordal kommune og formidle kontakt med tenester som er aktuelle. Vidare skal KE finne brukarkoordinator i samråd med brukaren og eventuelt gjere vedtak om individuell plan. Det kan også vere aktuelt å opprette ansvarsgruppe. KE skal vere knutepunkt for samarbeidet mellom kommunen og dei statlege institusjonane.


Kven kan ha nytte av tenestene til koordinerande eining?

  • Personar som pga. skade eller sjukdom har hatt eit brått fall i evna til å fungere i dagleglivet.
  • Personar med gradvis fall i funksjonsevne over lengre tid.
  • Personar med kroniske sjukdommar.
  • Personar med medfødt funksjonssvikt.
  • Personar med fysiske, psykiske og sosiale problem.
  • Personar som treng hjelp til å planlegge nye situasjonar i livet, t.d. ved overgang frå barnehage til skule, mellom ulike skular, frå skule til arbeidsliv og ved ny busituasjon.
Kva er målet for habiliterings– og rehabiliteringsarbeidet i Stordal kommune
  • Brukarar med behov for koordinerte tenester veit kvar dei skal vende seg for å få hjelp
  • Brukarar med behov for koordinerte tenester opplever tenestetilbodet som samordna, koordinert og tilpassa.
  • Brukarar med behov for koordinerte tenester opplever at det vert lagt vekt på brukarmedverknad, og at tiltak og tenester tek utgangspunkt i den einskilde sine ressursar.
Ansvarsgruppe
Ansvarsgruppe er eit samarbeidsforum der  tenestemottakaren og folk frå aktuelle faginstansar møtest. Det er born, ungdom eller vaksne som har behov for langvarige, samordna tenester frå fleire enn to ulike faginstansar som kan få tilbod om ansvarsgruppe.
Faginstansane kan t.d. vere kommunale tenester som skule, barnehage, PPT, helseteneste, barnevern, sosialteneste, pleie- eller omsorgstenester. I tillegg kan det og vere aktuelt at instansar på fylkesnivå som til dømes habiliteringsteneste og psykiatriteneste deltek.
Det kan og vere behov for ansvarsgruppe for personar som ikkje har behov for eller ikkje ønskjer å ha ein individuell plan.

Individuelle planar (IP)
Føremål
Hovudføremålet med ein individuell plan er å sikre at tenestemottakarar med behov for langvarige og koordinerte tenester får nødvendig heilskap og samanheng i tenestetilbodet.
Det er utarbeidd ny felles forskrift om individuell plan med nærare reglar om kven som har rett på slik plan, kva retten inneber, krav og plikter til tenesteytarane og om ansvaret i dette arbeidet.
I forskrifta blir det m.a. omtalt kven som har rett til IP, at dei tenestemottakarane som får innvilga IP også har rett til å delta i utarbeidinga av planen, samt at kommunen har plikt til å samarbeide med andre tenesteytarar og etatar. 
 
Arbeid og ansvar
Den offentlege eininga som tenestemottakaren tek kontakt med, har ei sjølvstendig plikt til å bidra til rettleiing og hjelp knytt til å søkje kommunen si koordinerande eining om IP.
I ein del tilfelle må ein vurdere om det også skal være ansvarsgruppe for tenestemottakaren, eller det kan allereie eksistere ei slik gruppe. I mange tilfelle kan samarbeidande instansar utarbeide IP utan at det er behov for nokon ansvarsgruppe.
Før ein startar arbeidet med IP skal tenestemottakaren gje sitt samtykke. IP vert så utarbeidd etter ein felles mal som gjeld i Stordal kommune.  Kommunen nemner i kvart høve opp ein person som har hovudansvar for utarbeidinga - saman med tenestemottakaren og aktuelle instansar.

Søknadsskjema individuell plan finn du her. (PDF, 93 kB)

Korleis kome i kontakt med  koordinerande eining?
Adresse: Stordal kommune, Koordinerande eining, Kommunehuset, 6250 Stordal
E-post: postmottak@stordal.kommune.no  (kan nyttast for generell kontakt)

Kontaktpersonar finn du her:
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Skotshalsen
Skotshalsen
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS