Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Psyk.helsearbeid - Individuell plan

Mottar du fleire typar tenester frå kommunen over lang tid, kan du ha rett til å få ein individuell plan. Dette er ein plan som omfattar tenester til deg som person. Hensikta er å sjå alle tenestene du mottek i samanheng, slik at du får større tryggleik og forutsigbarheit, og eit mest mulig heilskapleg og tilpassa tilbod.

Ein individuell plan skal beskrive dine mål, ressursar, behov for tenester og tiltak, og beskrive kva virkemidlar som kan vere aktuelle for deg. Den gir ikkje fleire rettar, men skal vere eit verktøy for samarbeid mellom deg og tenesteapparatet, og mellom dei ulike tenesteytarane.

Det er ikkje nødvendig å ha individuell plan for alle tenester, berre for dei tenestene det kan vere nyttig å koordinere. Det er heller ikkje noko krav å ha ein individuell plan sjølv om du mottek fleire tenester, og planen kan ikkje utarbeidast utan ditt samtykke. Du, eller dine pårørande, må sjølv vere aktivt med i heile planprosessen.

Kven kan ha nytte av ein Individuell plan?
Du må ha behov for fleire typer tenester over lang tid for å ha rett til individuell plan. Det kan for eksempel vere aktuelt for personar som har langvarige fysiske eller psykiske lidingar eller utviklingshemming.

Planen skal beskrive dei mål som er viktig for deg innan områder som for eksempel:

· helse og åtferd
· barnehage/skule/arbeid
· bustad
· nettverk/fritid
· kommunikasjon
· buforhold
. økonomi

Lover og retningslinjer.
Lov om helsetenesta i kommunen §6-2a.
Lov om sosiale tenester § 4-3a
Lov om Psykisk helsevern § 4-1
Pasientrettighetsloven § 2-5
Lov om spesialisthelsetenesten § 2-5
Forskrift om habilitering og rehabilitering 2001
Individuell plan 2007 - Veileder til forskrift om individuell plan
Forskrift om rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver, kap. 5
Veileder frå Kyrkje-, undervisnings- og forskingsdept. 2001
Spesialundervisning i grunnskole og videregående opplæring
Rundskriv I-3/2004: Samarbeid mellom tenesteytere som gir tilbod til barn og unge under 18 år med nedsatt funksjonsevne - bruk av individuell plan 

Ta kontakt med psykisk helsearbeider Inga Janonyte for meir info om Individuell plan og tilbod om Individuell plan for personar med psykiske lidingar.

Publisert av Norunn Viset Busengdal. Sist endret 20.11.2013


   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Dyrkorn 3
Dyrkorn 3
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS