Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Psykisk helsearbeid

Inga Janonyte
Inga Janonyte

Alle har ei psykisk helse. Og alle møter motgang i ei eller anna form på sin vei gjennom livet. God psykisk helse er derfor ingen sjølvfølgje, og vi har ingen garanti mot å bli psykisk sjuk. Men det finnast nokon som kan hjelpe.

Kva er psykisk helsearbeid i kommunen?
Tiltak retta inn mot menneske med psykiske lidingar og konsekvensar av lidingane hos den enkelte, deira familiar og nettverk.
 
Psykisk helsearbeid er både eit kunnskaps- og praksisfelt og det omfattar arbeid på systemnivå som helsefremmende og forebyggende arbeid, opplysningsarbeid og anna arbeid for å motvirke stigmatisering og diskriminering. Det forebyggende perspektivet er spesielt sentralt i psykisk helsearbeid med born og ungdom. Psykisk helsearbeid avgrensast mot psykisk helsevern, som omhandlar psykisk helseteneste på spesialisttenestenivå.

Publisert av Norunn Viset Busengdal. Sist endret 12.04.2016

Organisering:
Den kommunale psykiske helsetenesta i Stordal kommune er ein del av dei samla helsetenestene i kommunen, og ligg administrativt til kommunelegen.

Kven vi er her for: Alle, unge og voksne, som har behov for hjelp når livet er vanskeleg.

Personar med psykisk liding som over tid treng bistand til å meistre livet sitt. Det kan òg vere personar med akutte behov i ein tidsavgrensa periode.

Korleis kome i kontakt:
Munnleg eller skriftleg henvendelse frå personen sjølv, frå pårørande, frå lege, frå anna helse- eller sosialteneste i kommunen, frå spesialisthelsetenesta m.m.

Her kan ein kome til samtale, eller få oppfølging på andre måtar som f.eks. rettleiing, informasjon og hjelp til å finne relevante tilbod. Hjelp til å etablere kontakt og samarbeid med andre aktuelle hjelpeinstansar. Koordinering av hjelpetiltak.

Psykisk helseteneste har samordningsansvaret overfor personar med psykisk liding der ulike tenester og fagpersonar er inne i bildet.
Det er tett tverrfagleg samarbeid, også med spesialisthelsetenesta, for å gje brukarane best mogleg hjelp.

Psykisk helsearbeider held til i 2.etasje i det nye helsehuset i Stordal sentrum (inngang på same side som helsestasjonen).
Kontoret er ope kl. 0900 - 1500 måndag til fredag.

Du treff psykisk helsearbeider Inga Janonyte på: 70 27 91 56 / 901 17 869.

Psykisk helsearbeider har taushetsplikt.
Tenesta er gratis.

Nedanfor finn du lenker til diverse aktivitetstilbod innan psykisk helse og diverse info

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Bygdetun
Bygdetun
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS