Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Tenester til menneske med rusproblem

Hender
Hender
Misbruker du alkohol eller andre rusmiddel, kan du få hjelp til å komme bort frå misbruket. Kommunen kan gi også råd og hjelp til familien. Du har dessutan krav på dei same tenestene etter sosialtenestelova (§ 6-1) og kommunehelsetenestelova (§§ 1-3 og 2-1) som alle andre.

Det er fleire tenester i kommunen som jobbar med og har tilbod til menneske med rusproblem.

Publisert av Randi Holmen Vestre. Sist endret 28.11.2011

Fastlege
Sliter du med rus og/eller psykiske problem og føler at du ikkje klarer det åleine, ta kontakt med fastlegen din eller andre som ev. kan formidle kontakt vidare slik at du får hjelp.
Fastlegen kan også henvise vidare til utredning og/eller ev. behandling som for eksempel psykolog, Rusteamet osv.
Du betaler eigenandel.


Helsestasjon
Helsesøster kan bidra med råd og rettleiing og samtalar til personar opptil 20 år. Helsesøster, i samarbeid med fastlegen, kan bistå med henvisning til vidare utredning /behandling. Til ungdommen sitt beste kan det være aktuelt å ha dialog med føresette.
Helsesøster har også fått i oppdrag å informere om røyk, rus og snusfri kontrakt for elevar på ungdomsskuletrinnet, og skrive under kontrakten som representant for kommunen. I forbindelse med denne kontrakten vert det lagt opp til ein samtale med kvar einskild elev på ungdomsskuletrinnet. Dette er eit førebyggande tiltak.
Tenestene er gratis.


Psykisk helseteneste
Psykisk helseteneste gir tilbod til personar med psykiske lidingar som angst, depresjonar og meir alvorlige tilstander. Tilbodet kan for eksempel bestå av regelmessige samtaler, bistand til pårørande, heimebesøk, trening i sosiale ferdigheiter og koordinering av tiltaka rundt den enkelte brukar. Psykisk helseteneste kan kartlegge brukaren sine behov og gi bistand til å meistre ulike oppgåver.

Tenesta gir også tilbod til menneske med rusproblem. Psykisk helsetenesta kan tilby hjelp til å meistre livet sitt, i form av samtalar, oppfølging i eiga bustad og i ulike aktivitetstiltak. Dette inneber mye motivasjonsarbeid men også problemløysing i forhold til livet med rus. Psykisk helsetenesta tilbyr oppfølging før, under og etter behandling, med å opprette, delta eller koordinere ansvarsgruppe og/eller Individuell Plan.
Psykisk helsetenesta kan også tilby støttande samtalar til pårørande/nettverk.
Psykisk helsetenesta ynskjer å gi eit heilskapeleg tenestetilbod for brukar.
På bakgrunn av dette ber tenesta brukar om samtykke til å samarbeide med aktuelle hjelpeinstansar. Psykisk helsetenesta har eit tett samarbeid med fastlege og NAV i forlenging av bruker sine behov.
Tenestene er gratis.

NAV
Til NAV sitt ansvarsområde ligg bl.a. oppfølging etter Lov om sosiale tenester kapittel 6- særlige tiltak overfor rusmiddelmisbrukarar NAV kan tilby råd, rettleiing, hjelpetiltak og bistand til å sette i gang behandling, oppfølging under behandlingsopplegg med for eksempel ansvarsgruppe og Individuell Plan. NAV har ansvar for økonomi og bustad. NAV kan også tilby bistand i etterkant av behandlingsopplegg, med dei virkemidla NAV har tilgjengelege for å få folk i arbeid og aktivitet.
Tenestene er gratis.


Rusteamet er:
- Vurderingsinstans

Rusteamet er ein tverrfagleg spesialisert vurderingsinstans i samarbeid med Rusbehandling Midt-Norge, og skal:

  • Vurdere om pasientar som blir tilviste, har rett til spesialiserte tenester

  • Fastsetje frist for når ein seinast kan gi slik helsehjelp (behandlingsgarantidato)

  • Vurdere behandlingstype (poliklinisk eller døgnopphald, korttidsopphald/langtidsopphald).

Rusteamet kan også tilrå eigna behandlingsstad.

- Poliklinisk behandling
Rusteamet tilbyr poliklinisk behandling til menneske over 15 år, som opplever eigen eller andre sin rusmiddelbruk som problematisk. Det kan vere misbruk av alkohol, medikament, illegale narkotiske stoff eller andre rusmiddel.
Målet for denne delen av arbeidet vårt er å gi eit individuelt tilpassa behandlingstilbod, som kan medverke til at pasienten meistrar rusproblema og dei psykiske lidingane sine, og at både livskvaliteten og funksjonsnivået dermed vert betre.
Tilbodet kan inkludere individuelle samtalar, gruppeterapi og samarbeid med aktuelle instansar. Vi gir også råd og rettleiing til andre delar av hjelpeapparatet, og driv også med rusførebyggjande arbeid blant born og ungdom.
Teamet har eigen overlege og psykologspesialist. Personalgruppa er tverrfagleg samansett.
Du betaler eigenandel.

Ta kontakt med din fastlege eller sosialteneste v/NAV for ev. henvisning til Rusteamet.

 

 

 


Rusteamet gir tenester til menneske som ynskjer hjelp til å komme bort frå misbruk av rusmidlar. Oppfølginga kan bestå av samtaler, råd og rettleiing, motivasjonsarbeid, pårørande/nettverk samt kartlegging av behandlingsbehov.
Du betaler eigenandel.


   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Korsadal
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS