Fakta om Stordal

 
  Det er potensial for 7 småkraftverk i kommunen med produksjonskapasitet 29 GWh. El-forbruket i kommunen i 2004 var 19 GWh.
    Dagens fakta

Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

HMS - Helse, miljø og sikkerheit for alle

Kommunehus - Klikk for stort bilde

Stordal kommune skal ha eit trygt og sikkert arbeidsmiljø som hindrar skade og sjukdom, og som fremmar helse, motivasjon og arbeidsglede for alle tilette. Alle verksemder i Noreg er pålagde å arbeide systematisk med helse, miljø og sikkerheit (HMS). Ved å etablere, utøve og vedlikehalde eit internt kontrollsystem for HMS sikrar arbeidsgjevaren at reglar, forskrifter blir tekne vare på og at HMS-relaterte forhold blir forbetra kontinuerleg. Stordal kommune har utarbeida ei egen HMS-håndbok for internkontroll som er grunnmuren under kommunen sitt HMS-arbeid.

Publisert av Martin Vos. Sist endret 04.05.2017

Formålet med HMS-handboka er å fokusere på dei satsingsområde som kommunen skal prioritere for å nå HMS-måla på kort og lang sikt. Ei av dei viktigaste målsetjingane Stordal kommune har er at verksemda ikkje skal føre til ulykker, skader eller andre belastningar, både fysiske og psykiske. Stordal kommune vil gjennom eit internkontrollsystem førebygge ulykker og helseskader, og bidra til å skape trivsel på arbeidsplassen.

HMS er eit leiaransvar. Leiar skal kjenne hovudpunkt, dele hovudpunkt med personalet og ta opp HMS på personalmøtet jammleg. Samstundes skal alle tilsette i Stordal kommune medvirke ved gjennomføring av tiltak som vert sette i verk for å skape eit sunt og godt arbeidsmiljø, og nå dei helse-, miljø- og sikringsmål som til ei kvar tid er gjeldande.

Arbeidsmiljøutvalet (AMU) i Stordal kommune skal arbeide for gjennomføring av eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø. Utvalet skal ta del i planlegginag av verne- og miljøarbeidet, og nøye følgje utviklinga i spørsmål som gjeld arbeidstakarane si sikkerheit, helse og velferd.

I alle verksemd skal det veljes verneombod. Verneombod skal vere med i planlegging og gjennomføring av tiltak som gjeld arbeidsmiljøet innanfor verneområdet.


 

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Mykje kantarell i skogen
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS