Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

I vinden som aldri før!

Hurra for Ålesund videregående skole.jpg - Klikk for stort bildeHurra for Ålesund videregående skole.jpg

Vi har tidlegare i år markert at det er 20 år sidan Stordalshallen vart opna. Når vi no er godt ute i jubileumsåret, kan vi med glede konstatere at Stordalshallen - om mulig - er i vinden som aldri før. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 06.10.2017

Stordalshallen 20 år - driftsstyret med kake den 25. januar - Klikk for stort bildeStordalshallen 20 år - driftsstyret med kake den 25. januar Bjørg Jacobsen Gursken Skulekorps - Klikk for stort bildeGursken Skulekorps Hallgeir Hove Ungdomane framfor over 800 strålande nøgde i idrettshallen.jpg - Klikk for stort bildeUngdomane framfor over 800 strålande nøgde i idrettshallen.jpg Kjell Mulelid er ein av fleire, som har stilt opp som instruktør heilt sidan Stordalshallen vart opna for 20 år sidan!   - Klikk for stort bildeKjell Mulelid er ein av fleire, som har stilt opp som instruktør heilt sidan Stordalshallen vart opna for 20 år sidan!

Det har blitt nokre reportasjar alt, knytta til vår jubileumsfeiring. Det kan vere kjekt å sjå tilbake på dei. No kan vi vidare - og helst utan at det treng bli ei heil bok ut av det - synleggjere at det går veldig bra med drifta av jubilanten.

Mange besøkjande og flotte tilbakemeldingar
Vi har stadig vekk besøk frå idrettslag, skulekorps, skular, verksemder og andre større eller mindre grupper og tilbakemeldingane frå dei er veldig flotte. Dei skriv m.a. at dei har funne sin favorittplass og dei kjem att, år etter år. I alle år, har instruktørar frå klatreklubben, skyttarlaget og trampolinegruppa stilt opp i høve desse besøka og slik også bidratt til at opplevingane har blitt endå rikare. Nedanfor tek vi med ei av dei mange fine tilbakemeldingane og sjølv om denne er stila til dagleg leiar, går den til alle som er med og bidreg til at våre besøkjande har det så flott under opphalda i Stordal.

«Tusen takk for ei flott helg Hallgeir fekk både gåsehud og tåre i augekroken over det du skreiv om oss du har sett gjengen akkurat slik eg og vi ser dei/oss og ikkje minst må vi få rette ei stor takk til deg slik du he stilt opp for oss. Du he imponert meg stort, og slik du he stilt opp for oss, og slik du stiller opp for stordalshallen og promoterer den, er heilt eineståande!! Du gjorde helga vår super» Dagbjørn Myklebust, nestleiar i Gursken Skulekorps

I tillegg til dei mange gruppene som besøkjer oss, er det det som kjent også ei rad flotte arrangement i Stordalshallen. Berre dette med dei mange arrangementa, kunne det ha vore skrive bok om og all ære til dei mange laga og organisasjonane for alt dette. Makan finnast knapt, nokon annan stad. Men det høge aktivitetsnivået fører i sum til at det også er mange grupper som tek kontakt, utan at vi klarer finne leidige helgar til dei. Eit luksusproblem kanskje, men uansett kjedeleg når vi veit kor kjekt dei som besøkjer oss har det.

Over 100 samarbeidspartnarar og knapt nok plass til fleire
Dei mange som besøkjer Stordalshallen, har vanskar med å forstå at denne kan vere 20 år gamal. Det betyr at det er mange som har gjort mykje rett, heilt frå byggjeperioden - med Paul Stavseng i spissen - og til det faktum av eigarane av Stordalshallen, alle innbyggjarane i Stordal kommune, har vore særs flinke til å ta vare på den. Sjølvsagt gløymer vi heller ikkje å trekkje fram den enorme innsatsen vår kjære vaktmeister Einar K Hove la ned og som no vert ført vidare av Jøran Gudmestad.

Noko anna dei besøkjande sjølvsagt legg merke til, er dei mange reklameskilta som prydar veggane inne i idrettshallen. Det er ganske imponerande at vi bokstavleg talt kan skilte med at det er 100 verksemder med på laget vårt. Dette er garantert ikkje tilfeldig. Verksemdene som er med på vinnarlaget vårt, får så mykje att for å vere med (og det meste av dette er 100% gratis) at det er berre i heilt spesielle tilfeller vi må ta ned reklameskilt. (det kan då vere pga verksemder som fusjonerer, opphøyrer, eller av andre årsaker ikkje kan vere med lengre)

Påstanden om at det ikkje er tilfeldig at vi har så mange samarbeidspartnarar kan underbyggjast ved å dele ein del av dei kjekke tilbakemeldingane vi får inn:

"Takk for fremragende markedsføring, ja dette er helt unikt det du får til her. Sponsorene kommer i særklasse og får svært mye igjen for å være med."

"Vi setter stor pris på å ha en samarbeidspartner som driver så aktivt med markedsføring av både sitt eget område og sponsorer. Jeg tror jeg kan si at det ikke finnes like i vårt dekningsområde."

«Vi tror dere må ha en av de mest aktive hallene i Norge og er glade for å kunne være en samarbeidspartner. Dessverre er det med oss som mange andre i vår bransje. Marginene er små og vi må kutte ned på kostnadene i budsjettene våre.  Vi har allikevel valgt å signere avtalen med dere.»

«Takk for informasjonsbrevet og godt samarbeid. Lykke til videre med satsinga. Dere gjør en fantastisk jobb!»

«Takk for god informasjon om aktivitetene i Stordalshallen. Det er imponerende å se hvordan dere utnytter de fasilitetene dere har til arrangement til Stordal-folkets beste. Vi ønsker dere lykke til med utvidelsen, noe som sikkert gir grunnlag for økt aktivitetsnivå.»

"Takk for god mottakelse, og hyggelig opphold. Artig å se de flotte omgivelsene, og en av de flotteste hallene jeg har sett! Dette bør være treningsarena for landslagene fremover"

"En ting er i alle fall sikkert: De er dyktige til å marknadsføre og drifte Stordalshallen.  Her er det sikkert mange andre som har mykje å lære."

«BRA JOBBA!»

«Synes du og dokke «der inne» gjør en stor og viktig innsats for bygda, ja en kan strekke det til å omfavne hele distriktet! Er naturligvis med videre!»

"..elles så må jeg si at det er morsomt å se at dere er så aktive på FB, og flinke til å markedsføre dere og deres samarbeidspartnere. Jeg finner det veldig positivt at Boen Sport kan være med som bidragsyter.   ...det  er sjelden jeg opplever så aktive og flinke personer som dere så det er bare hyggelig å yte litt tilbake til dere om det kan være til nytte for dere i noen sammenheng" 

 

Nærmar oss 1 000 fyljarar på facebook
Eit verkemiddel for å nå ut med informasjon om mykje av alt det som skjer ved Stordalshallen, er sosiale media. Sidan Stordalshallen oppretta eiga side på facebook, har stadig fleire funne ut at dei kan tenkje seg å fylje oss også der. Denne veka har vi invitert endå fleire til å like sida vår og responsen har vore veldig god, noko som gjer at vi no faktisk kan håpe på å passere det magiske ettusen-talet innan jubileumsåret går ut. I skrivande stund har vi nemleg 960 fyljarar med på laget vårt. Når vi passer 1 000, vil vi sjølvsagt også trekkje ut ein ny heldig vinnar av gåvekort frå vår gode samarbeidspartnar LEFDAL, slik vi har gjort det kvar gong vi har fått 100 nye fyljarar.


Her er dei som så langt har vunne seg gåvekort på kr 500,-:

Stig Helland (etter passert 200)
Marianne Olsen (etter passert 300)
Magnus Øvrebust (etter passert 400)
Liv Ellen Stokkeland (etter passert 500)
Kristin Vikenes (etter passert 600)
Karen Vadset  (etter passert 700)
Thea Korsnes (etter passert 800)
Anita Merete S Rønneberg (etter passert 900)
 

Mykje å gle seg til!
Dei mange som skal gjeste oss i månadane framover, har mykje å gle seg til. Anten dette skjer i høve øvinghelgar, eller anna. Vidare er det ikkje mindre enn tre store arrangement som vi ikkje har røpa noko som helst om enno, det er alle dei flotte arrangementa som vi får oppleve år etter år og ikkje minst er det all den daglege aktiviteten frå morgon til kveld. Fyl med på vår nettside og facebookside og få med deg oversikt over all aktiviteten framover og ikkje minst få med deg info om komande arrangement, små som store.

Det er sjølvsagt stor stas å få lov til å rapportere om slikt. Ja, Stordalshallen er verkeleg i vinden, og det som aldri før!

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Ein soppstubbe
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS