Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Informasjon om sals- og skjenkeløyve etter alkohollova

Sal og skjenking av alkohol kan berre skje på grunnlag av tildelt løyve. Det same gjeld engrossal og tilvirking
Ordinære sals- og skjenkeløyve vert tildelt av kommunen for inntil 4 år av gongen og følgjer kommunestyreperioden.

Det er Servicekontoret som har ansvar for saksbehandling av løyvesakene.

Det vert innhenta uttale frå politi, skatte-og avgiftsmynde m.m.

Søknad om ordinære sal-og skjenkeløyve vert først behandla av formannskapet før endeleg avgjerd i kommunestyret. Løyvetildeling omfattar også godkjenning av styrar og avløysar. Løyve vert tildelt eigar av verksemda og er knytt til definert lokale.

Søknader om ambulerande løyve vert også avgjort av kommunestyret.
Det same gjeld for søknader om løyve ved einskildhøve.

For å få ordinært skjenkeløyve er eit krav at det er tildelt serveringsløyve og at styrar og avløysar har dokumentert godkjent kunnskapsprøve i alkohollova.

Kunnskapsprøva i Alkohollova er ei lovpålagd prøve for sals- og skjenkestyrar/stadavløysar for sals- og skjenkeløyva i kommunen.

Servicekontoret i Stordal kommune er ansvarleg for å avhalde Kunnskapsprøva i Alkohollova. Det vert avsett 1 time. I likskap med Etablerarprøva i Serveringslova er dette også ein fleirvalsprøve. Prøva består av 21 spørsmål, av dei må kandidaten ha minst 16 rette for å bestå.

Kandidaten må sette seg inn i Alkohollova og Alkohollova sine forskrifter, og får ingen hjelpemiddel under prøva.

Verksemda er pliktig å melde frå om bygningsmessige endringar av skjenkearealet, om endringar av driftskonsept og om endringar i eigarsamansetnad. Ved større endringar er trong for ny søknad /ny tildeling av løyve. Ved skifte av styrar og avløysar er trong for ny godkjenning frå kommunen.
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
17.mai gamlekyrkja
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS