Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Storfjorden barnevern

Stordal kommune er med i eit interkommalt samarbeid innan Barnevern.  Det er etablert ei felles teneste for kommunane Norddal, Stordal, Ørskog og Skodje, som har namnet:

Storfjorden barnevern og held  i Skodje Rådhus, men vil vere tilstades i alle kommunane når det er behov for det.

Barneverntenesta har to hovudføremål:

  • Å sikre at born og unge som lever under tilhøve som kan skade deira helse og utvikling, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid. 
  • Å bidra til at born og unge får trygge oppvekstvilkår.


Barn skal bu heime så sant det let seg gjere. Når tilhøva i heimen tilseier det, eller når barnet av andre grunnar har særskilde behov, kan barnevernet setje i verk hjelpetiltak for å betre barnet sin situasjon.

Det vert lagt vekt på å finne årsaken til vanskane og drøfte desse med foreldre og barn.
Omsynet til barnet sitt beste skal vere avgjerande for kva tiltak som vert sett i verk.

Barnevernet samarbeider med andre faginstansar i kommunen og med spesialisthelsetenesta for å kunne gi best mogleg tilbod til born og unge med behov for tiltak.

Når barnevernet får melding om barn som har bekymringsfull adferd eller som lever under tilhøve som er skadelege, har barneverntenesta plikt til å undersøkje saka for å vurdere om det er behov for tiltak.
Meldingar kan kome frå barnet eller den unge sjølv, frå foreldre eller familie, frå naboar, frå ulike faginstansar med lovmessig meldeplikt m.fl.

Dei mest vanlege hjelpetiltaka er:

  • Råd og rettleiing /støttesamtaler med barn og foreldre
  • Støttekontakt, miljøarbeidar
  • Besøksheim
  • Bistand i heimen
  • Barnehageplass eller skulefritidsordning
  • Tilbod om aktivitet i fritid / ferie Økonomisk hjelp
  • Bidra til utdanning eller arbeid
  • Henvising til behandling, poliklinisk eller i institusjon
  • Fosterheim
  • Barne- og ungdomsheim


Barneverntenesta prioriterar førebyggjande tiltak overfor barn og unge som treng det, i tillegg til tiltak for å styrke foreldra si omsorgsevne overfor borna sine.

Berre når førebyggjande tiltak ikkje er tilstrekkeleg, vert det vurdert plassering i fosterheim eller i institusjon. Hvis det i tillegg er behov for omsorgsovertaking, vert saka avgjort av fylkesnemda for sosiale saker, dei ulike partane har bistand frå kvar sin advokat.

Det er Bufetat ( det statlege barnevernforetaket) som er ansvarleg for å skaffe fosterheimar og institusjonsplassar.

Barnevern Storfjorden tilsett
Tilsette i barnevernetJobbmobil 08.00 - 16.00KontortlfFridagar
Anne Grethe Bakke954 57 060
Christina Eide Stær954 50 836Ons, fred.
Edith Sætre954 57 01070 24 40 49Onsdag
Janne Giske Myklebust958 18 07470 24 45 97Onsdag
Tone Iren Nilsen905 91 47470 24 40 56Onsdag
Randi Leite70 24 40 31Tysd, fred
Trude Kvalsund468 00 54470 24 40 36
Ragnhild Østrem468 86 66170 24 48 06
Synnøve Solevågseide954 56 26070 24 40 34fredag
Susanne Græsdal416 99 87970 24 40 48
Svein Dag Svendsen915 65 751
Renate Lade917 25 85270 24 40 36
Lene Solheim919 11 96670 24 40 32
Eli Anne Brautehaug971 82 625
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Almåssætra 2
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS