Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Julemesse på Stordal frivilligsentral

Plakat julemesse 2018 - Klikk for stort bilde

Laurdag 1. desember frå kl 12:00-15:00 er det klart for ny julemesse på frivilligsentralen. Her blir det mange og varierte utstillarar, kafé og lotteri!

Publisert av Bjørg Jacobsen. Sist endret 23.11.2018

Det er sjette gongen at julemessa blir arrangert, alltid første helga i advent, så dette har blitt tradisjon i Stordal. Her kan ein kjøpe både julebakst, julegåver, interiør, handverk, kosmetikk og kunst. Du kan også få kjøpt det du treng til innpakking av årets julegåver!

Som vanleg blir det kiosk og sal av sveler og kaffi, mens barna kan sjå på film. Frivilligsentralen har også  lotteri med gevinstar gitt av dei mange utstillarane, med trekning like før kl 15:00. 

Dialektplakat 2018 (Bjørg Jacobsen) - Klikk for stort bilde

Nytt i år, er at frivilligsentralen vil selge pakatar med ord og uttrykk frå Stordal. Plakatane er i A4- og A5-format og er fine til f.eks. innramming. Julegåvetips til dei som har alt?

Arrangør av julemessa er Stordal frivilligsentral i samarbeid med mange frivillige hjelparar og dei ønskjer velkommen til ein triveleg dag på sentralen!
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Arnt Flatmo
Panoramautsyn frå Ådalstinden.
Arnt Flatmo
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS