Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Kjempesuksess med Breidablikfest!

Breidablikfesten 28. oktober 2017 - frå festen - Klikk for stort bildeBreidablikfesten 28. oktober 2017 - frå festen Hallgeir Hove

Initiativtakar, Kjell Nilsen, kunne konstatere at denne festen - til minne om det ærverdige ungdomshuset vårt og ungdomslaget - var blitt så vellukka som ein knapt kunne våga håpe på. Festlyden talte over 250 og dei alle responderte med trampeklapp for å hylle dei om lag 50 som hadde vore med på å stelle i stand det heile.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 16.11.2017

Breidablikfesten 28. oktober 2017 - frå festen - Klikk for stort bildeBreidablikfesten 28. oktober 2017 - frå festen Hallgeir Hove Breidablikfesten 28. oktober 2017 - frå festen - Klikk for stort bildeBreidablikfesten 28. oktober 2017 - frå festen Hallgeir Hove Breidablikfesten 28. oktober 2017 - frå festen - Klikk for stort bildeBreidablikfesten 28. oktober 2017 - frå festen Hallgeir Hove Breidablikfesten 28. oktober 2017 - frå festen - Klikk for stort bildeBreidablikfesten 28. oktober 2017 - frå festen Hallgeir Hove

Dette var akkurat som å vere på fest på Breidablik i gamle dagar det, var noko av innhaldet i dei mange flotte tilbakemeldingane i etterkant av den supre festen, arrangert i Stordalshallen laurdag den 28. oktober. Snittalderen på publikum, denne kvelden, var noko høgare enn det det plar vere, men så var dette også eit publikum der dei fleste har eit nært og godt forhold til såvel ungdomshuset som til ungdomslaget. I løpet av ein kveld som denne, vart nok mange minna på dei flotte opplevingane dei hadde hatt på Breidablik og det vart nok mimra mykje rundt borda både under maten og på dansen etterpå.

Festen var lagt opp slik det var vanleg også under Breidablik si storheitstid, nemleg med program frå scena først, dernest mat og så med dans til slutt. Men før programmet starta, var det også sett av ein time til å få med seg utstillinga i grendasalen og til å hygge seg med litt kake og kaffe.

Det er alltid skummelt å trekkje fram einskildpersonar og slik er det definitivt også denne gongen. Viktig då å starte med å slå fast at utan den suverene innsatsen frå alle dei omlag 50 som var med og bidrog, ville dette sjølvsagt ha vore umulig å få til.

Dei som stod på scena, med Odd Kvammen (hovudansvar for programdelen) og Per Kjartan Remme i spissen, gav oss eit tilbakeblikk som både var særs fornøyeleg og lærerikt og det må vere rett å seie at dette var imponerande saker. Ottar Røren og Ragnhild Flåen losa publikum flott gjennom det heile, som programleiarar, og stas var det verkeleg også når dei mot slutten av programdelen fekk fram Ottar Storheim og Per Anker Vad. Begge har utretta ein eineståande innsats knytta til det erverdige ungdomshuset vårt og no fekk dei sin velfortjente takk frå mange av dei som har hatt glede og nytte av dette i så mange år. Ein som også fortente sin blomsterbukett, var Kjell Nilsen. Det var han som hadde teke initiativet til Breidablikfesten og det skal ikkje vere tvil om at han har brukt mykje tid og og tankeverksemd på dette arrangementet sidan oppstarten for om lag eitt år sidan. Kjell nytta også høve til å takke alle dei som hadde vore med og bidratt og det var ikkje vanskeleg å sjå at også Kjell - der han stod og mottok trampeklapp frå salen - var tydeleg fornøgd med at alt hadde blitt så fint og flott. Det høyrer med å nemne at Kjell Nilsen bur i Hornindal han, men han sluttar uansett aldri å vere Stordaling, for å seie det sånn. Til det er røtene for sterke og minna tilbake til såvel Breidablik, ungdomslag, idrettslag og mykje anna, dukkar stadig opp også hjå han. Det har difor heller ikkje blitt få turar tilbake hit og spesielt ikkje i løpet av det siste året.

Det er også på sin plass å nemne at Per Kjell Holtleite stod i spissen for arbeidet med å få på plass og å restaurere gjenstandane frå Breidablik. Dette var alt frå å sette i stand att det erverdige måleriet (eller rettare; måleria) til Peson, til å få på plass nye rammer på dei gamle bilda som hadde hatt sin faste plass på Breidablik. Per Magne Øvrebust var sentral i høve til dette med å få trosserigg og scene på plass og i fellesskap fekk dei slik sett også gjenskapt mykje av scenemiljøet som eingong var.

Ragnhild Flåen m.fl. la ned mykje arbeid for å presentere stoff frå gamle møteprotokollar, Fram-bøkene og anna. Det var laga til ei eiga utstilling i grendasalen på alt dette. Så vil vi gjerne også få trekkje fram Håvard Olsen. Han var ikkje sein om å svare ja, når han vart spurd om å ha eit ekstra ansvar for det som hadde med førstehjelp å gjere. Men det vart fort meir, i og med at han også var den som tok hand om avspelinga av dei mange filmsnuttane som var med i programmet. Der viste han også gode evner til ïmprovisasjon og snarrådigheit, i og med at det brått vart endringar på rekkefølgja han skulle presentere filmane på. Men også dette tackla Håvard, utan at publikum merka noko som helst. Sjølvsagt tok den same Havård´n også eit ekstra tak under dansen og i etterkant.

Lasse Døving var som vanleg den som hadde ansvar for lyd og lys, noko han alltid meistrar til fulle og til å forevige det heile hadde arrangørane henta inn Steinar Slettom Dyrkorn.

Ein annan Strandar (eller rettare; to) tok hand om dansemusikken. A.P.S "LONELY" DUO kallar dei seg, far og son Siem. Arnfinn Person Siem (APS) og Andreas Vidhammer Siem (AVS). Også dansemusikken var midt i blinken og det var heile tida mykje folk ute på det store dansegolvet.

Les meir om festen i flott reportasje skriven av John Kristian Hjelle i Storfjordnytt

For meir om festen, viser vi også til våre førehandsreportasjar

I samband med festen vart det også oppretta ei eiga facebookside under tittelen "Breidablikfesten 28. oktober 2017"

Sjå gjerne også dei 172 bilda vi har lagt ut som eige galleri på Stordalshallen si facebookside!

 

Då står det att å rette ei stor takk til alle dei som var med på å gjere Breidablikfesten 28. oktober 2017 mulig, og i høgste grad også gratulere med den eineståande flotte festen!

 

Overskotet går til innkjøp av meir utstyr ved Stordalshallen.

Kostnadane knytt til drifta av Stordalshallen går ikkje akkurat ned frå år til år, og som kanskje kjent for enkelte, er det slik at Stordalshallen aldri har hatt ei einaste krone i form av rammeoverføring frå kommunen (og dette, sjølv om vel Stordalshallen er einaste eininga i kommunen som også framleis dekkjer vaktmeisterkostnadane sine sjølv). Då er det naturleg nok også begrensa med midlar til disposisjon til innkjøp av utstyr om ein skal gå ut med balanse i rekneskapen. Ser ein tilbake 10 - 15 år, er det likevel betydeleg med utstyr som er kome på plass, men dei par-tre siste åra, har det ikkje vore investert like mykje som før. Når så Breidabliks venner bestemte at overskotet frå den flotte festen deira skulle gå til Stordalshallen, vil dette i røynda seie at ein har kr 20.000 ekstra til innkjøp av meir utstyr det. Dette vi kome godt med og m.a. bidra til at ein kan få på plass ei eiga vogn til dei mange delane trosseriggen vår består av og at vi vil supplere når det gjeld bein til scena og å få skifta ut skruar på scenemodulane som ikkje fungerer godt nok. Her har vi kontakta SIMEK, der Per Magne Øvrebust og Asle Olsen, i nær dialog med vaktmeister Jøran Gudmestad ser etter dei beste løysingane m.a. knytt til ei slik vogn.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Naturmøteplassen
Naturmøteplassen
Levert av ACOS AS