Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Kjetil T. Heggem tilsett som omsorgsleiar for open omsorg

Kjetil.jpg - Klikk for stort bilde

Kjetil Heggem er tilsett som omsorgsleiar for Open Omsorg i Stordal kommune, og hadde fyrste arbeidsdag torsdag 1. mars.

Publisert av Siv Krokfoss. Sist endret 16.04.2018

Litt om meg:

Eg heiter Kjetil Heggem, og bur på Sjøholt – kor eg er frå opprinneleg.
1. mars byrja eg som omsorgsleiar for open omsorg i Stordal kommune, og ser fram mot å lære kommunen å kjenne.

Eg er utdanna vernepleier frå høgskulen i Bergen, har vidareutdanning i psykisk helsevern frå Molde, og fullførte min Mastergrad i helsetjenester til eldre i 2015 frå Diakonhjemmet/Lovisenberg høgskule. Ellers har eg ei vegleiingsutdanning, og tatt kommunal forvaltning ved høgskulen i Volda.

Siste 10 åra har eg arbeidd ved Alderspsykiatrisk seksjon ved sjukehuset i Ålesund, først klinisk på sengepost og poliklinikk, før eg siste fem åra arbeidde som seksjonsleiar. Før dette har eg røynsle frå heimetenesta i Oslo, og buteneste for mennesker med autisme i Sverige.
No gler eg meg til nye utfordringar saman med alle dei dyktige tilsette i open omsorg, der vi skal levere gode helse -og omsorgstenester til kommunen sine innbygjarar.


Venleg helsing

Kjetil T. Heggem
 

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Kvitlane 16.mai 2009
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS