Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Kommunale tomter


Sist endret 30.07.2014

Stordal kommune har for tida ledig byggeklare tomter i Vinjehjellane, Hovslia/Hovshjellane, Røbbane, Øvrebust og på Dyrkorn.

I Stordal kommune er det Formannskapet som etter søknad tildeler ledige tomter.

Prisane vart sist justert av formannskapet i sak 020/10 den 17.februar 2010, der det vart gjort slikt vedtak:

  1. Stordal formannskap vedtek endra tomteprisar i Hovslia/Hovshjellane og Vinjehjellane i samsvar med det som kjem fram under "vurdering" ovanfor.
  2. For alle tomter der prisen er fastsett til kr 65.000,- pr tomt - d.v.s. tomter som må reknast som"marginaltomter"/mindre attraktive - får rådmannen fullmakt til framforhandle og ev fastsette anna/redusert pris for desse tomtene antan desse går som einskildtomter eller som "tillegg" til tilstøytande tomter.
  3. På bakgrunn av at kommunen pr. i dag har relativt få tomter å kunne stille til disposisjon for tomtesøkjarar, og på bakgrunn av at å planlegge, tileigne grunn og opparbeide nye felt tek tid, finn Stordal formannskap at tida no er inne til å starte planlegging av nye felt, eventuelt utviding av eksisterande. Formannskapet føreset at dette vert ei prioritert oppgåve, og at eiga sak vert framlagd så snart som mogleg, om oppstart, rammer, aktuelle areal m.m. vedk. ovannemnde

Ved å trykke på linken til kvar einskild tomt nedanfor, kjem du inn på Web-ATLAS. Du vel grunnkart og vidare eidedom, legg inn det gardsnummeret og bruksnummet du er interessert i, trykk deretter på søk-knappen. Du får da fram kart overt den aktuelle tomta og området kring.


OVERSYN OVER LEDIGE BUSTADTOMTER:

Røbbane bustadfelt:

7 ledige tomter - pris pr tomt kr. 130.000:

1 tomt på 1020,4 m2 - gnr 128 bnr 182  

1 tomt på 1059,5 m2 - gnr 128 bnr 183  

1 tomt på 944,4 m2 -  gnr 128 bnr 184

1 tomt på 1057,1 m2 - gnr 128 bnr 185 

1 tomt på 1308,4 m2 - gnr 128 bnr 186 

1 tomt på 1063,9 m2 - gnr 128 bnr 187 

1 tomt på 1203,1 m2 - gnr 128 bnr 188 


Vinjehjellane bustadfelt

2 ledige tomter:

1 tomt på 885 m2 - gnr 128 bnr 134 pris kr 65.000

1 tomt på 1151,2 m2 - gnr 128 bnr 110 pris kr 90.000


Hovslia / Hovshjellane bustadfelt

2 ledige tomter - pris pr tomt kr 65.000:

1 festetomt på 613,8 m2 - gnr 127 bnr 216 festenr 1 

1 tomt på 1329,5 m2 - gnr 127 bnr 202

Dyrkorn bustadfelt

2 ledige tomter - pris pr tomt kr 65.000:

1 tomt ikkje målt enno - gnr 123 bnr 59 

1 tomt ikkje målt enno - gnr 123 bnr 60  


Er det noko du lurer eller vil ha nærare opplysningar om,  ta  kontakt med oss på Servicekontoret på telefon: 70 27 91 00 eller du tek deg ein tur innom oss i 1. etg. på kommunehuset som ligg i Stordal sentrum.


   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Lam som leikar seg i Arnegarden 2
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS