Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Publisert 29.06.2018
Big Valley Voices - Disney Voices 2017

Alle som ynskjer faste trenings- og øvingstider ved Stordalshallen frå medio august og fram til nyttår, må få sendt inn søknad om dette. Legg merke til at fristen for å søkje er sett til søndag den 19. august.  

Publisert 26.06.2018
Ytste Skotet - vårstemning 2018

Vi nærmar oss no fellesferien med stormsteg og det er på tide å presentere ei ny oversikt over komande arrangement. Juli er normalt ein relativt roleg periode på arrangementsfronten. Dette er eigentleg naturleg det, for litt ferie må ivrige og dyktige arrangørar innan kulturlivet også kunne unne seg. Ikkje minst når ein ser på alt det som skjer resten av året, er dette vel fortent.

Publisert 22.06.2018
Pengar å henta på å søkje momskompensasjon?

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,4 milliard kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2018. Erfaring frå tidligare år viser at det finns mange lag og organisasjonar som ikkje søkjer om momskompensasjon. Søknadsfristen er 1. september.

Publisert 21.06.2018
Gøril Vidhammer

Det har nyleg vore flotte sommaravslutningar ved kulturskulane både i Norddal og i Stordal. Vår nye kulturskulerektor har dermed alt fått høve til å møte elevane og oppleve dei i aksjon på scena.  

Publisert 18.06.2018
Stordalscup 2018 - fotballturnering

Den 38. utgåva av Stordalscup, er vel i hamn og vi kan slå fast at også denne vart særs vellukka. Masse folk, stor aktivitet og god stemning, prega cuphelga.

Publisert 06.06.2018
Barnas Supersommar - program 2018 (framside)

Ein ny sommar er i full gong og det er siste innspurt på skulane rundt om. Tradisjonen tru, presenterer vi ei oversikt over ein del av dei mange aktivitetstilboda og arrangementa framover, under fana: Barnas Supersommar.  

Publisert 05.06.2018
sommarles.png

Frå 1. juni til 31. august kan alle som går i 1-7 klasse delta på Sommarles 2018. 

Alle elevar i 1. til 7. klasse kan delta, inkludert dei som skal begynne i 1. klasse til hausten og dei som går ut 7. klasse ved kampanjestart.
 

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Rosekyrkja
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS