Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

1,4 milliard i momskompensasjon

Pengar å henta på å søkje momskompensasjon? - Klikk for stort bildePengar å henta på å søkje momskompensasjon?

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,4 milliard kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2018. Erfaring frå tidligare år viser at det finns mange lag og organisasjonar som ikkje søkjer om momskompensasjon. Søknadsfristen er 1. september.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 22.06.2018

Mange som ikkje søkjer

Erfaring frå tidligare år viser altså at det finns mange lag og organisasjonar som ikkje søkjer om momskompensasjon. Dette er ofte lokale eller regionale ledd under sentrale frivillige organisasjonar som for eksempel Norges Idrettsforbund (NIF), 4H Norge, Norges Musikkorpsforbund, Norges Røde Kors og Norges Jeger- og Fiskeforbund. Slike såkalla underledd skal sende inn søknad gjennom sentralleddet sitt. Søknader frå underledd som kjem direkte til Lotteri- og stiftelsestilsynet blir avviste.

Lotteri- og stiftelsestilsynet ønskjer å nå fleire

Det er også en del enkeltståande lag og organisasjonar som ikkje søkjer, for eksempel organisasjonar som driv frivillig arbeid innanfor innvandrargrupper og andre lokale foreiningar. Lotteri- og stiftelsestilsynet prøver difor å nå ut til desse gjennom kommunane og fylkeskommunane, for å få hjelp til å formidle informasjonen til lag og organisasjonar i din kommune/ditt distrikt.

 

De kan lese meir om momskompensasjon til frivillige organisasjonar

https://lottstift.no/tilskotsordningar/om-momskompensasjon-generell-ordning/ på nettstaden til tilsynet. Der finn du også søknadsskjema.

https://lottstift.no/tilskotsordningar/om-momskompensasjon-generell-ordning/soknadsskjema-momskompensasjon/ 

Dersom de lurer på noko, ta kontakt med dei på e-post postmottak@lottstift.no eller telefon 57 82 80 00.

 

Minstegrenser

For enkeltståande søkjarar er det minstegrenser. Etter den forenkla søknadsmodellen er minstegrensa 200 000 kroner i totale driftskostnader, mens minstegrensa etter dokumentert søknadsmodell er 14 000 kroner i meirverdikostnader som det kan søkast kompensasjon for. Underledd treng ikkje å ta omsyn til minstegrensene fordi dei er med i søknaden frå sentralleddet.

Søknadsfristar

Frist for å søkje til Lotteri- og stiftelsestilsynet er 1. september 2018. Sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for nærare informasjon.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Utsikt frå Almåssætra mot Seljebotn | Fotograf: Arild Hove
Almåssætra
Arild Hove
Levert av ACOS AS