Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

4. klasse ved Ørskog skule på besøk

Ørskog skule, 4. klasse sept 2019 - Klikk for stort bildeØrskog skule, 4. klasse sept 2019 Hallgeir Hove

Fredag 27. september var vi så heldige å få besøk av 4. klasse frå Ørskog skule. Dei har Helga Øvrebust som lærar og i og med at det er få som kjenner klatreveggen i Stordalshallen, som nettopp ho, nytta dei seg av dette. Det er ikkje få timar ho har stilt opp for at både besøkjande og barn og unge frå Stordal skal kunne få klatre.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 01.10.2019

Ørskog skule, 4. klasse sept 2019 - Klikk for stort bildeØrskog skule, 4. klasse sept 2019 Hallgeir Hove Ørskog skule, 4. klasse sept 2019 - Klikk for stort bildeØrskog skule, 4. klasse sept 2019 Hallgeir Hove Ørskog skule, 4. klasse sept 2019 - Klikk for stort bildeØrskog skule, 4. klasse sept 2019 Hallgeir Hove Ørskog skule, 4. klasse sept 2019 - Klikk for stort bildeØrskog skule, 4. klasse sept 2019 Hallgeir Hove

Det var ein triveleg og livlig gjeng som besøkte oss og det var tydeleg å sjå at dei likte å teste ut klatreveggen. Dei hadde også full kontroll på kor høg den var. Klassa vart delt i to like grupper og totalt var dei i sving i 3 timar. I tillegg til å klatre, kunne gjengen halde på med leikaktivitet.

Helga hadde dottera Sarah med seg som hjelpar. Ho er ein av mange som har teke klatrekurs her. Dermed vart det ekstra god tid til å få klatre for den enkelte.

Super klasse med kjekke foreldre/føresette og ikkje minst ein topp lærar!

 

Sjå endå fleire bilder frå opplegget, på Stordalshallen si facebookside

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

blåfjord
blåfjord
Levert av ACOS AS