Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Aksla J 13 med kjempehelg!

Aksla IL J 13 - handball, sept 2018 - Klikk for stort bildeAksla IL J 13 - handball, sept 2018 Hallgeir Hove

Vi har alt laga reportasje om det flotte konfirmanttreffet sist helg, men det du kanskje ikkje var klar over, er at vi same helga hadde besøk av Aksla sine supre J 13 jenter i handball. Med god planlegging og stor velvilje frå alle våre besøkjande gjekk det som ein draum og kva er vel bedre enn at flest mulig får høve til å besøkje Stordalshallen?

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 08.10.2018

Aksla IL J 13 - handball, sept 2018 - Klikk for stort bildeAksla IL J 13 - handball, sept 2018 Hallgeir Hove Aksla IL J 13 - handball, sept 2018 - Klikk for stort bildeAksla IL J 13 - handball, sept 2018 Hallgeir Hove Aksla IL J 13 - handball, sept 2018 - Klikk for stort bildeAksla IL J 13 - handball, sept 2018 Hallgeir Hove Aksla IL J 13 - handball, sept 2018 - Klikk for stort bildeAksla IL J 13 - handball, sept 2018 Hallgeir Hove

Utgangspunktet var at desse handballjentene skulle delta på ei større turnering sist helg, men pga for få lag påmeldt i deira klasse, vart det ikkje noko av denne. Det vart naturlegvis ein nedtur for dei og dermed vart det viktig å prøve å finne noko som kunne fungere som eit slags "plaster på såret". Vi er difor veldig glade for at Olav Rønneberg og dei andre som hadde med konfirmanttreffet her sist helg, var positivt innstilt til at vi kunne gjennomføre både treningssamling og konfirmanttreff samme helga her. Dette viste seg også å fungere heilt knirkefritt og då på det viset at handballjentene frå Aksla IL la opp til besøk i klatreparken i Valldal i det tidsrommet konfirmanttreffet pågjekk på laurdagen. Når det endåtil vart slik at det knapt nok vart registrert nedbør der inne, for heile laurdagen, så vart dette rett så vellukka.

Elles er suksessoppskrifta den samme som for alle dei andre handballaga, skulekorpsa og dei mange andre gjestande gruppene. Treningar/øvingar, ei rad andre aktivitetsmuligheiter, fellesmåltid, sosiale aktivitetar, film evt anna på storskjerm, samt overnatting i lag, blir aldri feil.

Det var verkeleg eit innhaldsrikt og flott opplegg leiarane til Aksla J 13 hadde sydda saman og dei om lag 20 spelarane som var med, såg ut til å ha det veldig kjekt. I tillegg til dei mange øktene som var retta direkte inn mot handballen, vart det tid til å teste ut mykje av det utstyret Stordalshallen har, som t.d. teamtrack´n, minigolfen, skuddlaseren, slakklina, osv osv. På søndagen vart det også gjennomført ein lagkonkurranse med ei rad ulike øvingar og det var ikkje noko å seie på innsatsen, for å seie det sånn. I løpet av helga rakk dei dyktige jentene også å øve inn ein ny dans for laget sitt. Etter at alle hadde vore med på å rydde, vaske/moppe og elles gjere klart for avreise, delta leiarane ut kvar sin is til alle. Dette var det Else ved Joker Stordal som hadde teke med (sponsa), då ho leverte nysteikt pizza til heile gjengen på laurdagskvelden. 

Kjekt for oss er det naturlegvis også å få høyre at dei gjerne kjem tilbake og at denne helga vart minst like kjekk som det å få vere med på turnering.

Sjå gjerne endå fleire (98) bilder frå treningssamlinga til Aksla J 13 på Stordalshallen si facebookside

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Fjellservice sin trakkemaskin ved Fokhaugen
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS