Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Ålesund folkehøgskole med ski-ekskursjon

Ålesund folkehøgskole, februar 18 - Klikk for stort bildeÅlesund folkehøgskole, februar 18 Hallgeir Hove

Ei gruppe på rundt 20 studentar frå Ålesund folkehøgskole (tidl. Borgund folkehøgskole) var også på besøk denne veka. Dei kom på torsdag og drog då rett til fjells. Etter ein fin dag ute i det fri, var det klart for mange kjekke aktivitetar i Stordalshallen om kvelden. Aktivitetar i idrettshallen og litt undervisning vart det også tid til på fredagen, før dei drog tilbake til Ålesund rundt kl 12.00.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 05.02.2018

Ålesund folkehøgskole, februar 18 - Klikk for stort bildeÅlesund folkehøgskole, februar 18 Jan Kristian Behrentz Ålesund folkehøgskole, februar 18 - Klikk for stort bildeÅlesund folkehøgskole, februar 18 Jan Kristian Behrentz Ålesund folkehøgskole, februar 18 - Klikk for stort bildeÅlesund folkehøgskole, februar 18 Hallgeir Hove Ålesund folkehøgskole, februar 18 - Klikk for stort bildeÅlesund folkehøgskole, februar 18 Hallgeir Hove

Skituren torsdagen, gjekk i retning Jolbotn og då så langt det var laga løype. Ein del av opplegget då, var m.a. å lage til bivuak, noko som funka bra. Etter timar ute i snøen, gjorde det uansett godt å få kome til Stordalshallen og få tatt ein god varm dusj.

Etterkvart vart det aktivitetsopplegg, der m.a. miniatyrskyting stod på programmet. Lars Johan Nygård og Roar Søvik, var på plass frå Stordal skyttarlag og det var tydeleg at studentane syntest det var kjekt på skytebana. Lærar og reiseleiar, Jan Kristian Behrentz tok hand om klatreaktiviteten og hadde også god hjelp i veggen av dyktige studentar med mykje klatreerfaring.

Teamtrack, minigolf, skuddlaser, slakkline, bordtennis m.m., var noko av dei andre aktivitetane.

Kombinsjonen der ein kan utnytte alle dei flotte turmuligheitene på Overøye og Langsætrane, - og ha Stordalshallen som base - er suveren. Spjelkavik videregående skole gjorde dette i omlag 15 år og dei 4-5 siste åra har elevgrupper frå Ålesund videregående skole gjort det samme.

Det var ein fin gjeng med ungdom frå heile landet dette og vårt inntrykk var at dei hadde hatt det kjekt her i Stordal. Kjekt vil dei sikkert også få det, når dei seinare i år også skal på tur til Australia. Vi takkar for kjekt besøk og ynskjer dei velkomne tilbake og god tur!

 

Du finn endå fleire bilder frå det kjekke besøket på Stordalshallen si facebookside

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Rosekyrkja
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS