Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Ålesund vgs ut og Hatlane Skolekorps inn

Hatlane Skolekorps mars 2019 - Klikk for stort bildeHatlane Skolekorps mars 2019 Hallgeir Hove

No er det på langt nær slik at Ålesund vgs er ut på nokon som helst slags måte, men dette omhandlar at dei om lag 50 elevane avslutta sitt tredagarsbesøk berre få timar før Hatlane Skolekorps kom for å gjennomføre si øvingshelg sist fredag. Felles for dei begge er det også at dei kjem att, år etter år. Klart vi synes det er stas! 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 11.03.2019

Hatlane Skolekorps mars 2019 - Roar Søvik instruerer på skytebana - Klikk for stort bildeHatlane Skolekorps mars 2019 - Roar Søvik instruerer på skytebana Hallgeir Hove Hatlane Skolekorps mars 2019 - ladding av magasin - Klikk for stort bildeHatlane Skolekorps mars 2019 - ladding av magasin Hallgeir Hove Hatlane Skolekorps mars 2019 - Kjell Mulelid instruerer - Klikk for stort bildeHatlane Skolekorps mars 2019 - Kjell Mulelid instruerer Hallgeir Hove Hatlane Skolekorps mars 2019 - Full rulle i idrettshallen! - Klikk for stort bildeHatlane Skolekorps mars 2019 - Full rulle i idrettshallen! Hallgeir Hove

Fortroppa til Hatlane Skolekorps, med Roger Paulsen i spissen, kom til Stordalshallen rundt kl 18.30 fredagskvelden og berre kort tid etter, var dei i gong med den første øvinga si. Medan ivrige musikantar øvde, var kjøkkengjengen i sving med å lage klart til fellesmåltid og det var pizza som stod på menyen første kvelden. Så vart det også tid til litt sosial aktivitet før rosignalet gjekk.

På laurdagen var det naturlegvis øving som stod i fokus tidleg på dagen, og no var dei blitt endå fleire. Gruppeøvingar fann stad både på musikkrom, på gamleskulen og sjølvsagt i grendasal og idrettshall. Når kl så vart 17.30, var det full action både i idrettshallen, på skytebana og i klatreveggen. Truleg vart klokka nærare 20.00, før dei siste var ferdige med skytinga si, noko som med all tydelegheit viser kor populært det er å få prøve ut å skyte med salonggevær. Det var Roar Søvik og Johan Bernt Øvrebust frå Stordal Skyttarlag som instruerte. Også i klatreveggen var det full rulle og nok ein gong var Kjell Mulelid på plass der, medan Vebjørn Midtlid frå korpset og underteikna hjelpte til. I tillegg var sjølvsagt teamtrack´n på plass og den var veldig mykje i bruk også elles. Minigolf, slakkline, bordtennis, badminton, balanseutstyr, barneidrettsutstyr med meir, vart også flittig nytta. Mykje tid gjekk også med til kanonball, ein aktivitet som tydelegvis er blitt ein favoritt for mange av dei kjekke musikantane.

Det var taco som stod på menyen laurdagskvelden og stas for dei unge å kunne gå rett til dekka bord, takka vere super innsats frå dei mange vaksne som var med og la til rette. Etterpå var det klart for film på storskjerm, diverse spelaktivitet og anna sosialt og kjekt.

Øving vart det tid til også på søndagen og litt leik innimellom. Bussavgong på søndagen var ca kl 16.00 og når dei drog herifrå, var det knapt råd å sjå at det hadde vore folk her. Ein super gjeng, både små som store, og det er alltid like kjekt å ha dei på besøk.

Vi takkar for triveleg besøk og ynskjer sjølvsagt velkomen tilbake!

Sjå gjerne også reportasjen frå opphaldet til Hatlane Skolekorps i 2018 og då også med tilbakeblikk på (tidl) Nørvasund Skolekorps heilt tilbake til 2010. Ca 200 bilder frå opphaldet i fjor, finn du også i eige galleri på Stordalshallen si facebookside

Eige galleri på vel 100 bilder frå årets øvingshelg, finn du også på facebooksida vår

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Sentrum
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS