Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Ålesund videregående på plass igjen

Ålesund videregående skole mars 2019  - Klikk for stort bildeÅlesund videregående skole mars 2019 Hallgeir Hove

I skrivande stund er det ein ny flott gjeng med idrettselevar frå Ålesund videregående skole, som besøkjer oss. Nærare 50 elevar saman med 3 lærarar bur ved Stordalshallen frå onsdag til fredag og alt tyder på at dei har det veldig kjekt, med masse skiaktivitet på dagtid og full pakke med aktivitetar og Champions League om kvelden.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 07.03.2019

Ålesund videregående skole mars 2019 - leirplass, Langsætrane - Klikk for stort bildeÅlesund videregående skole mars 2019 - leirplass, Langsætrane Hallgeir Hove Ålesund videregående skole mars 2019 - leirplass, Langsætrane - Klikk for stort bildeÅlesund videregående skole mars 2019 - leirplass, Langsætrane Hallgeir Hove Ålesund videregående skole mars 2019  - Klikk for stort bildeÅlesund videregående skole mars 2019 Hallgeir Hove Ålesund videregående skole mars 2019  - Klikk for stort bildeÅlesund videregående skole mars 2019 Hallgeir Hove

Det er ei kjent sak at Stordalshallen har mykje besøk og noko av det som kjenneteiknar mange av desse, er at dei kjem att, år etter år. Ålesund videregående skole er eit godt døme på dette. Konseptet deira er genialt, på det viset at dei kombinerer skiaktivitet i Langsæterområdet på dagtid, med ei rad aktivitetar i Stordalshallen på ettermiddag og kveld. Det er sjølvsagt også i Stordalshallen dei overnattar. Så er elevane delt inn i grupper, med ansvar for kvar sine områder som t.d. matlaging, oppvask osv.

Første kvelden var det volleyballturnering som stod på programmet og då var det rigga til med 3 baner og dei spela haugevis med kampar a 10 minutt kvar. For mange var nok truleg Champions League - kampen mellom PSG og Man U høgdepunktet og når dei då i tillegg kunne kose seg med taco til, kunne det vel knapt bli bedre.

I dag og i morgon, vert det endå meir ski på den fine gjengen og med det veret og dei snøforholda vi har for tida, bør det fungere veldig bra. Då vert det meir skileik av typen "orgeltramp", "kular og staup" o.l. Meir basis teknikktrening og sjølvsagt bygging av bivuak i snøen. Så vert det sjølvsagt også endå meir action i Stordalshallen i kveld.

Sjå gjerne også reportasjane frå tidlegare besøk frå Ålesund vgs (heilt tilbake til 2011)

Sjå eige galleri på Stordalshallen si facebookside, for fleire bilder frå ekskursjonen til Ålesund videregående skole

Når vi først er inne på grupper som kjem att, år etter år, kan vi også nemne at Hatlane Skolekorps (også dei om lag 50) nærast møter gruppa frå Ålesund videregående skole i døra på fredag. Då kjem nemleg det flotte korpset for å gjennomføre si årvisse øvingshelg her.  

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Ytste-Skotet
Ytste-Skotet
Levert av ACOS AS