Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Alle til topps på Ruggå

rugging.jpg - Klikk for stort bilde

Torsdag 30. mai er vekas tur ein del av Fjørå Helselag sin Hjartemarsj til Ruggå. Parkering og start frå parkeringsplassen på Hauge, øvst i Fjørå, kl 12-13.

Publisert av Siv Krokfoss. Sist endret 28.05.2019

ruggå.JPG - Klikk for stort bilde

Turen går i lett stigning på traktorveg og rås frå Hauge (400 moh.) til Ruggå som ligg om lag 550 moh. På vegen dit kan du delta på natursti. Registrering ved start. Turen opp tek 30-40 minutt, og her får ein fin utsikt utover store delar av Valldalen og fjella ikring.

Ruggå har fått namnet sitt frå den store ruggesteinen som ligg der, og denne er populær å prøve å rugge på for både store og små. Ei grindløe vart sett opp i 2007. Ho vert mykje nytta av folk på tur. Rastebord og utedo er der og.

Denne dagen vil helselaget selje kaffi og kaffimat, så nytt høvet til ein rast her. Små og store er hjarteleg velkomen til Ruggå!

Om du vil ha ein lengre tur kan du halde fram på lett rås vestover i eit fint terreng til Yttlinakkane. På Kvitsva, som ligg på høgste punktet på Syltefjellet (600 moh.), står ei jaktbu som er ope for alle. Her finn du også ein StikkUT-post. Sjå turomtale på stikkut.no.

Nytt høvet til å gjere deg kjent i bygdene i nye Fjord kommune! Vel møtt på tur!

Program vidare framover:

Måndag 3. juni kan du bli med på bygdevandring på Dyrkorn, Ta turen og bli bedre kjent i bygda, Dyrkorn er mykje meir enn ei stripe mellom to tunnelar!

Torsdag 6. juni går turen til Vikasetra, på sørsida av fjorden i Fjørå. Det blir sett opp båtskyss, så dette er eit flott høve til å kome seg til ei seter ein ikkje kjem seg så lett til elles.

Torsdag 13. juni: Storsvingen i Tafjord

Måndag 17. juni: Bispevatnet ved Trollstigen

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Kari Anne Flatmo Hove
Frå Skjortneset mot Stordal
Kari Anne Flatmo Hove
Levert av ACOS AS