Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Alt av gevinstar gjekk med!

Basar Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps - Klikk for stort bildeBasar Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps Hallgeir Hove

Det var god oppslutning om basaren til Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps, sist fredag. Det er rike tradisjonar også når det kjem til basar her i Stordal og sjølv om korpsmusikantane ikkje har helde på like lenge som Stordal Helselag - som har over 100 år i "bransjen" - er det også blitt ein årviss "happening" med denne basaren i januar månad.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 21.01.2019

Basar Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps - Hilde Rødset ynskjer velkomen - Klikk for stort bildeBasar Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps - Hilde Rødset ynskjer velkomen Hallgeir Hove Basar Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps - korpsa under leiing av Nick Ost - Klikk for stort bildeBasar Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps - korpsa under leiing av Nick Ost Hallgeir Hove Basar Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps - gevinstbord - Klikk for stort bildeBasar Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps - gevinstbord Hallgeir Hove Basar Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps - kakebord - Klikk for stort bildeBasar Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps - kakebord Hallgeir Hove

Det var rigga til på 2/3 av idrettshallen også denne gongen, noko som utgjer nærare 350 kvadratmeter. Når det knapt var eit ledig sete og stolar og bord stod rimeleg tett utover, teiknar det eit godt bilde på kor populære desse basarane er. Arrangørane kan også fortelje at alt av gevinstar gjekk med og med så stor vilje til å støtte opp frå lokalt næringsliv, seier det og ein heil del. 

Etter at leiaren for Stordal Skulekorps, Hilde Rødset, hadde ynskt velkomen, var det klart for å få oppleve dei dugande korpsa i aksjon. Så var det klart for den eine årerunden, etter den andre, utover fredagskvelden. Som alltid kunne arrangørane by på eit fantastisk kakebord.

Ta gjerne eit tilbakeblikk på både dei tidlegare basarane til korpsa våra og mykje anna dei gledar oss med kvart einaste år

For fleire bilder frå årets korpsbasar, viser vi til eige galleri på Stordalshallen si facebookside


Stort aktivitetsnivå!

Med også dette arrangementet vel i hamn - og etter at berre dei tre første vekene av 2019 er unnagjort - kan vi slå fast at aktivitetsnivået ikkje akkurat er avtakande ved Stordalshallen. Etter at vi starta det nye året har vi hatt besøk av Blindheim sine fotballjenter, Ørskog Angels og FK Fortuna. I tillegg har vi også vore arena for den flotte festen som dei tillitsvalgte i Norddal og Stordal stod bak og dagen etter basaren sist fredag var det også ei større åremålsfeiring der. Stordalshallen har definitivt blitt ein regional arena og det er rett og slett ikkje helgar nok til alle dei som vil besøkje oss og alle dei som ynskjer å gjennomføre arrangement her. Når vi såg tilbake på jubileumsåret 2017, tvilte vi faktisk eit øyeblikk på om det let seg gjere å kopiere suksessen frå det året. Så viste det seg altså at 2018 vart endå meir innhaldsrikt og no har 2019 starta på same viset. Slikt er sjølvsagt veldig stas og nettopp det ein håpte på for over 20 år sidan, då Stordalshallen vart reist. Dette betyr då naturlegvis også at det er lurt å vere tidleg ute med å ta kontakt, for alle dei som ynskjer å arrangere noko, eller besøkje Stordalshallen.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Ytste-Skotet
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS