Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Audun Myskja til Stordalshallen!

Audun Myskja - Klikk for stort bildeAudun Myskja

Torsdag den 13. juni inviterer frivilligsentralen til ope arrangement med lege, forfattar og musikar Audun Myskja i Stordalshallen.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 31.05.2019

Arrangementet i Stordalshallen startar kl 19.00 og det er gratis inngong.

Tidlegare på dagen skal Myskja også ha minikonsert på sjukeheimen i Valldal kl 13.00 og underhalde på kulturkafé på Stordalstunet kl 15.30.

Audun Myskja er overlege og spesialist i allmennmedisin og har ein doktorgrad i bruken av musikk i eldreomsorgen.

Han driv Senter for livshjelp, eit tverrfagleg prosjekt som legg vekt på sjølvhjelp, saman med kona Reidun.

Audun Myskja har hatt ei rekkje kurs og foredrag i inn– og utland og vunne fleire prisar, m.a. Den norske legeforeningens Kvalitetspris. Han er fagveiledar for Kompetansesenter for kultur, helse og omsorg.

Myskja er også leiar for Helsedirektoratet si innføring av musikkbasert miljøbehandling for personar med demens og andre sårbare grupper. Han har også leia ei rekkje prosjekt i organisasjonar og kommunar.
Myskja har i tillegg skrive 22 fagbøker og gitt ut ei rekkje CDar og DVDar med musikk og trening for avspenning og helse.

Om du vil, kan du sjå Myskja i samtale med Per Fugelli, vist på NRK i november 2016

Oppmodar alle som har muligheit til å kome om å ta turen!
«Har du vært på et foredrag med Audun Myskja, glemmer du det aldri.» (Bladet Mat og helse)

På plakatane finn du meir informasjon:

Valldal sjukeheim (PDF, 712 kB)

Kulturkafe Stordalstunet (PDF, 717 kB)

Stordalshallen (PDF, 499 kB)

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Skjortnes
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS