Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Avslutning for Sommarles 2018 med Klovnen Knut og Alfabetasuppe

Sommarlesavslutning 2018 - Klikk for stort bildeSommarlesavslutning 2018 Hallgeir Hove

Torsdag 6. september var det Sommarlesavslutning i Stordal og Stordal bibliotek inviterte alle elevar i 1.-7. klasse ved Stordal skule til markering av Sommarles 2018 og forestilling med Klovnen Knut.

 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 12.09.2018

Sommarlesavslutning 2018 - Klikk for stort bildeSommarlesavslutning 2018 Hallgeir Hove Sommarlesavslutning 2018 - Klikk for stort bildeSommarlesavslutning 2018 Hallgeir Hove Sommarlesavslutning 2018 - Klikk for stort bildeSommarlesavslutning 2018 Hallgeir Hove Klovnen Knut i Stordalshallen, torsdag 6. sept 2018 - Klikk for stort bildeKlovnen Knut i Stordalshallen, torsdag 6. sept 2018 Hallgeir Hove

Sommarles er ein nettbasert lesekampanje for for elevar i 1.-7. klasse, der deltakarane kan registrere bøker dei les og kan få lesetips. I kampanjetida som var frå 1. juni til 31. august, deltakarane lese vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriar eller bli lest høgt for av nokon. Etter kvart som dei registrerte bøker på sommarleskampanjen, fekk ein både digitale trofé og fysiske premiar som kunne hentast på biblioteket.

I Stordal var det 19 deltakarar som til saman hadde lest 280 bøker og 29.169 sider! I Møre og Romsdal var det lest 11,8 bøker i snitt per deltakar, og i heile landet var det lest over ein million bøker i kampanjeperioden!

Før forestillinga med Klovnen Knut tok til, delte Bjørg Jacobsen ut diplomar til alle deltakarane. I tillegg var det trekking av premiar til dei som hadde lest og registrert minst fem bøker på Sommarles.

Anna-Victoria Sandven-Marholm, Sondre Hove Bull og Sonja Nedregård-Hasle vann gåvekort på kr 300,-.
Sofie Lirhus Hove og Julie Vad var dei heldige vinnarane av to teaterbillettar for to, til Teatret Vårt si forestilling «Mio min Mio» på Storfjord kulturhus i oktober. Gratulerer!

Du kan lese meir om Sommarles også på mrfylke.no

Sjå også eigen reportasje om forestillinga med Klovnen Knut

 

Biblioteket takkar alle deltakarane for den flotte innsatsen i Sommarles 2018 og håper at endå fleire melder seg på til neste år!

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Eit gammalt speilbilde....
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS