Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Berre ei veke att til tidenes jubileumsfest!

Jubileumsfest for Stordal IL 100 år - plakat - Klikk for stort bildeJubileumsfest for Stordal IL 100 år - plakat

Når vi straks skriv laurdag 13. oktober, er det berre ei veke att til Stordal IL inviterer til storstilt feiring. Laget er som kjent 100 år i år og no ynskjer ein å få med alle på ei skikkeleg markering av dette. Arrangørane er opptekne av å få fram at dette så absolutt ikkje er ein fest berre for dei som er nært knytta til idrettslaget og ikkje minst er alle, også utanfor kommunegrensa, hjerteleg velkomne til å bli med på feiringa. Ser ein på kva som er i emning, er det mykje som tydar på at dette kan bli tidenes jubileumsfest!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 12.10.2018

 

 

Vi har no altså for alvor starta nedtellinga til Stordal IL sin 100 årsfest og det er ikkje til å legge skjul på at vi gler oss.  

 

Variert revy av beste merke

På ein jubileumsfest som denne høyrer naturlegvis revy med og den vil innehalde det meste, frå det høgtidssame til det ustyrteleg morosame og i tillegg blir den også krydra med flotte musikalske innslag.

Ein festmiddag du seint vil gløyme

Innimellom alle dei flotte innslaga frå scena, blir det sjølvsagt også mat. Sjølv om vi ikkje kan røpe noko som helst når det gjeld menyen, kan vi iallefall love at dette verkeleg blir ein festmiddag, jubilanten verdig! 

Men kva får vi servert tru? Du kan fylje med på eigen føljetong på facebook, i håp om å verte klokare.

Siste opptreden for Stordal Dansebandforening?

At Stordal Dansebandforening bestemte seg for å ta på seg oppdraget, er i seg sjølv såpass unikt og fantastisk at berre det er grunn god nok til å ta turen til Stordalshallen denne laurdagskvelden. Det går mange år mellom kvar gong dei har høve til å kome saman og truleg er dette siste gongen vi får høve til å oppleve dei, opptekne som dei er, kvart med sitt. Alle som kjenner medlemmane i Stordal Dansebandforening (og det er ikkje få!) veit at dette kjem til å bli ei stort. I løpet av dei siste vekene og månadane har dei møttest jamnelg og øvd inn eit breitt repertoar av songar og ja, det er kort og godt berre å gle seg!

Avansert også med tanke på det audiovisuelle

Ole Chr og Martin Flatmo Hove har teke på seg å stå for det som har med det audiovisuelle å gjere. Stordalshallen har gått til innkjøp av stort, motorisert lerret og elles utstyr som bidreg til at publikum skal få ei best mulig oppleving av det som skjer på scena uansett kvar ein sit. Dette kjem i tillegg til innkjøp av avansert prosjektor tidlegare i år. I tilllegg til dette har karane hatt kontakt med Gomerhuset på Skodje, som velvillig låner ut ikkje, mindre enn fire kamera i høve arrangementet, noko som sjølvsagt blir suverent for publikum, men også veldig bra med tanke på at alle opptaka er tenkt brukt inn mot eigen film frå festen.  

Til å ta hand om lyden, har ein naturlegvis hyra inn Lasse Døving og dermed ligg alt til rette for ein storarta festkveld i Stordalshallen!

Stor interesse

Arrangørane melder om god respons med tanke på førehandssal, og dette syner også spennvidda i alder. Dette er nemleg festen alle vil ha med seg, anten dei no er nykonfirmert eller pensjonistar, for å seie det sånn. Ein registrerer også at mykje utflytta stordalsungdom, frå fjern og nær, er klar.

Dette betyr også at store delar av billettane alt er selde og det kan vere verd å nemne at arrangørane har lova at det skal vere nok mat og siteplassar til 400. Har du likevel ikkje sikra deg billett i forkant, er det sjølvsagt mulig å kjøpe dette i døra og du kan nytte kontantar, kort eller vippse, alt etter kva som passar best for deg.

Hovedkomiteen for jubileumsfesten strekar også under at dette så absolutt er ein fest for alle, uansett kor mykje eller lite ein føler at ein har hatt med idrettslaget å gjere. For dei utanfrå som måtte lure, er det defintivt også slik at arrangørane ynskjer at flest mulig av våre grannar - og elles andre - har lyst til å bli med.

 

Sjå plakten for fleire detaljar!

 

Sjå gjerne vår tidlegare førehandsreportasje for meir

Arrangørane har oppretta ei eiga hending på facebook der det kjem stadig nye namn til. Denne er det naturlegvis lurt at du deler med alle dine venner og kjente, då dei aldri kjem til å tilgi deg dersom du ikkje gjer det og dette er grunnen til at dei gjekk glipp av denne kvelden.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Almåssætra 2
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS