Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Bli med på bygdevandring på Dyrkorn!

Dyrkorn.jpg - Klikk for stort bilde Måndag 3. juni er det vekas tur att. Oppmøte på Dyrkorn kl 18. Turen startar frå kaia og går langs bygdevegen til gamleskulen. Den ligg på om lag 150 moh. og blir brukt til grendahus. 

Publisert av Siv Krokfoss. Sist endret 29.05.2019

Ved start blir det fortalt litt om oppstart av Dyrkornanleggene og utbygging av Dyrkorn kraftverk. Undervegs blir det også små historier frå bygda og oppvekst på 1960/70-talet. For dei som vil kan turen fortsette vidare opp og utover vegen mot garden Lien som ligg på om lag 300 moh.

På vegen dit får ein eit fantastisk utsyn over bygda, ein stor del av Storfjorden og gardane på andre sida av fjorden.

Ta turen og bli bedre kjent i bygda, Dyrkorn er mykje meir enn ei stripe mellom to tunnelar.

Nytt høvet til å gjere deg kjent i bygdene i nye Fjord kommune!
 
Vel møtt på tur!
 
Torsdag 6. juni går turen til Vikasetra, på sørsida av fjorden i Fjørå. Det blir sett opp båtskyss, så dette er eit flott høve til å kome seg til ei seter ein ikkje kjem seg så lett til elles.
Følg gjerne med på nettsidene og facebook for informasjon i forkant. 
 
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Ytste-Skotet
Ytste-Skotet
Levert av ACOS AS