Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Bli med til Turrnausa

turrnausa.jpg - Klikk for stort bilde

Vekas tur i Fjord kommune startar på att etter sommarferien med ein utsiktstur i nyrydda rås til fjellet Turrnausa i Stordal torsdag 8. august. Turrnausa har også StikkUT-post.

Publisert av Siv Krokfoss. Sist endret 06.08.2019

turrnausa-2.jpg - Klikk for stort bilde turrnausa-3-utsikt.jpg - Klikk for stort bilde

Oppmøte i bustadfeltet på Øvrebust i Stordal kl. 18:00. Turen startar på skogsvegen ved Øvrebust 91. Der er nokre parkeringsplasser der skogsvegen startar, men oppfordrar til parkering i "grushola" som ligg ca 20 meter etter den andre fartshumpen.

Vi går skogsvegen til endes før vi starter på sjølve råsa. Råsa går i storvokst skog så det er lite med kjerr og kratt. Det heiter ikkje Turrnausa for ingenting, her er lite med vatn så ta med rikeleg drikke. Etter omlag 30-40 minutt kjem vi fram på kanten av Rikjenda. Elva er drikkevasskjelde for Stordal. Her er det ein utsiktsplass framover bygda som blir kalla "kvile" Etter kvile går råsa vidare noko bratt og svingar seg mellom hamrar og urer. På første hammaren er det rydda skog så ein får flott utsikt. Det er omlag 20 minutt frå Kvile og opp på den gamle setervollen. Lisjesetra eller Itlesetra var truleg ein vårstøl som blei brukt før Langsetertida. Vi ser nokre tufter frå bygningar som har stått der. Vidare er det lett fjellterreng til toppen av Turrnausa som ligg 678 moh. og gir flott utsyn til fjord og fjell!

Nedatt fylgjer vi  "StikkUt" -råsa ned Midtbustsetra og vidare nedover til utgangspunktet, så dette blir ein rundtur.

Vil anbefale gode sko då det tidvis er bratt både opp og ned. Turen tek om lag tre timar.
Turleiar, råsryddar og kjentmann er Lars Kristian Øvrebust (tlf 95857077)

God tur!

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: John Kristian Hjelle
Jonsokfeiring i Stordal
John Kristian Hjelle
Levert av ACOS AS