Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Det blir rekordstor deltaking på årets lokalmønstring av UKM!

Lokalmønstring UKM 2018 - Alle på scena - Klikk for stort bildeLokalmønstring UKM 2018 - Alle på scena Hallgeir Hove

Når det no stundar mot helg på ny, er det faktisk berre vel ei veke att til det er klart for ei nok ei, fantastisk kulturmønstring i Stordalshallen. Som vanleg er påmeldinga veldig god og publikum kan gle seg til å få oppleve rekordmange ungdomar frå både Norddal og Stordal kommune på scena.  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 15.02.2019

UKM 2017 - Alle på scena - Klikk for stort bildeUKM 2017 - Alle på scena Hallgeir Hove UKM 2016 - alle på scena - Klikk for stort bildeUKM 2016 - alle på scena Hallgeir Hove UKM 2015 - Alle deltakarane - Klikk for stort bildeUKM 2015 - Alle deltakarane Hallgeir Hove UKM 2014 - Alle deltakarane - Klikk for stort bildeUKM 2014 - Alle deltakarane Hallgeir Hove

Sjølv om fristen ikkje går ut før på søndag den 17. februar, er det alt no heile 12 sceneinnslag og 7 kunstverk påmeldt. Når vi ser på oversikta over dei påmeldte, ser vi også at det er god spennvidde og variasjon i innslaga. I 2018 var det heile 30 deltakarar med og i skrivande stund har vi faktisk passert 36 denne gongen! Dette viser med all tydlegheit at også årets lokalmønstring kjem til å bli forrykande flott og når vi veit at 10. klasse ved Stordal skule er i rute i høve førebuingane, er det berre å gle seg for publikum.

Sjå gjerne våre tidlegare reportasjar (med tilbakeblikk på alt, heilt tilbake til 2006) og bli endå meir overtydd om at dette her, det vil du definitivt ha med deg!

UKM Norddal og Stordal sjølvsagt også på facebook!
 

Ikkje for seint å melde seg på!

Om du er av dei som enno ikkje er påmeldt er det viktig å minne om at fristen for dette går ut no på søndag. Vi håper naturlegvis at endå fleire vil vere med og det er absolutt ingen ting å grue seg for dette. Det ligg i namnet at dette er ein "happening" der det primære er at ungdom skal kome saman og vise kva dei held på med i det daglege. Det er stas å få vist dette fram for andre unge og ikkje minst stas også for oss i publikum å få oppleve dette.   ..og vi er absolutt ikkje farlege.

Meir om dette med påmelding og anna, her

Klart du bør vere med! Berre høyr kva Jenny Marita seier om dette

Du trykker berre på "knappen" der det står START PÅMELDING og så er du i gong.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Liv Gunvor Hove Midtbust
Stordal sommarsentrum
Liv Gunvor Hove Midtbust
Levert av ACOS AS