Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Endå meir kultur!

Fylkesfestival av UKM 2018 - Klikk for stort bildeFylkesfestival av UKM 2018

Når vi no er godt i gong med april månad, er det på høg tid å presentere ei oversikt over arrangement vi kan få oppleve framover. Kalenderen no, strekkjer seg fram t.o.m juni månad og som vanleg er det mykje å sjå fram til.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 12.04.2018

Stordal IL, 4. div damer - Klikk for stort bildeStordal IL, 4. div damer Hallgeir Hove Stordal Fjellservice sine løyper er suverne også lenge etter påske! - slik såg det ut onsdag 11. april - Klikk for stort bildeStordal Fjellservice sine løyper er suverne også lenge etter påske! - slik såg det ut onsdag 11. april Hallgeir Hove Sykkeltrim 2017  - Klikk for stort bildeSykkeltrim 2017 Hallgeir Hove Stordalscup 2017 - etter kampen mellom Ørskog og Spjelkavik  - Klikk for stort bildeStordalscup 2017 - etter kampen mellom Ørskog og Spjelkavik Hallgeir Hove

Det spesielle denne gongen, er at vi i tillegg til alle desse supre arrangementa som kjem att, år etter år, også kan skilte med at vi skal arrangere Fylkesfestivalen av UKM. I skrivande stund er det berre 16 dagar att og det er liten tvil om at dette kjem til å bli bra.

Etter ein lang og relativt kald vinter, er det no også slik at aktiviteten på Kirkebø Stadion er i ferd med å ta seg opp. Dei eldste laga serieopnar først og aller først ut er damelaget, som er klar for sin andre sesong i 4. divisjon. Serieopninga deira er på torsdag den 19. april, når MSIL kjem på besøk. For oversikt over det meste av kampane, både på Kirkebø Stadion og elles i kretsen, viser vi til Sunnmøre Fotballkrets si side.

Men tru likevel ikkje at det no er på tide å legge vekk skia for denne sesongen! Tysdag kveld (10. april) møtte vi Svenn Tore i Stordal Fjellservice, i full sving med å legge nye spor innover i Jolbotn. Kombinerer ein løypelegginga no, med den nattefrosten som er på denne tida, får ein enkelt og greit eventyrlege forhold. Øvre Stordal arrangerer vidare den eine toppturen, etter den andre og framleis er det også masse snø ved Arena Overøye!  

Når vi så skriv mai, er det også klart for den tradisjonsrike sykkeltrimmen (den blir arrangert for 43. gong i år!)Men før det, kan vi gle oss over at Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps, med gjestar frå Vatne hornmusikklag, inviterer til konsert søndag den 22. april.

Vi ber alle også om å merke seg at Stordal Turlag har programmet for sommaren klart, eit unikt tilbod til alle dei som likar å kome seg ut på tur i lag med andre.

Dette er berre litt av alt det som skal skje framover og vi gløymer sjølvsagt heller ikkje å minne om at den 38. utgåva av folkefesten Stordalscup, går av stabelen i dagane 15. t.o.m 17. juni!

 

Kulturkalender nr 2 2018, finn du her (PDF, 49 kB)

 

Sjå gjerne også oversikta over mykje av det som skjer fast, frå dag til dag, som det naturlegvis ikkje er plass til i kulturkalender-oversikta her.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Liv Gunvor Hove Midtbust
Stordal sommarsentrum
Liv Gunvor Hove Midtbust
Levert av ACOS AS