Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Familiekveldstur med friluftsrådet

Sunnmøre friluftsråd, bålpanne Tueneset - Klikk for stort bildeSunnmøre friluftsråd, bålpanne Tueneset Sunnmøre Friluftsråd

I november inviterer friluftsrådet til ein familiekveldstur i kvar av medlemskommunane. Førstkomande torsdag (14. november) vert det tur langs elvaforbygginga her i Stordal. Ved Kvame-brua (på bortsida av elva) blir det leirplass med bålpanne og det blir servering av kakao og kulturelt innslag.  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 11.11.2019

Familiekveldstur med friluftsrådet

Ta med familien og bli med Friluftsrådet på hyggelege kveldsturar i dei 13 medlemskommunane i november!

Bli med oss på tur! Alle turane startar kl 1800

Vi går i lag frå parkeringa. Vel framme ventar kakao og eit kulturelt innslag kring bålet.

 
Arrangementa er familievenlege. Dei er opne for alle, så det er berre å møte opp. Påmelding trengs ikkje og det er sjølvsagt også gratis.  
 
Turane varer om lag 2 timar, men ein kan dra heimatt når det passer.  Vi går ei refleksløype så det er lett å finne vegen att til parkeringa på egen hand. 
 
De aller fleste turane passar for rullestol og barnevogn. Dei turane som ikkje er rullestols/barnevognsvenlege har ein merknad om dette i lista nedanfor.
 
Gjer vel og ta med:
  • Varm klede
  • Sitteunderlag
  • Kopp
  • Hovudlykt!  
Du må gjerne ta med litt enkel grillmat som pølser, pinnebrød, marshmellows til bålet
 
Sjå i kartet for oppmøtestad. Turane startar kl. 18.00. Kom nokre minutt før, så vi er klare til å gå samtidig. 

 

 

Her finn de meir informasjon og oversikt over datoar og stader

Turkort - Elvaforbygginga

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Mebu
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS