Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Ferda Ålesund også med!

Ferda - oversiktsfoto Håem - Klikk for stort bildeFerda - oversiktsfoto Håem

Den nye, flotte butikken til Ferda på Håem (tidl. Håhjem) i Skodje kommune, vart opna i mars i år og det vart markert med stor opningsfest. No finn du dermed både butikk og salshall, i tillegg til mekanisk- og caravan-verkstad, berre eit lite steinkast frå E39.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 04.11.2019

Ferda - opningsfest mars 2019 - Klikk for stort bildeFerda - opningsfest mars 2019 Ferda - bobil - Klikk for stort bildeFerda - bobil Ferda - oversiktsfoto Håem - Klikk for stort bildeFerda - oversiktsfoto Håem Logo - Ferda - Klikk for stort bildeLogo - Ferda

Det er Jon Arne Torset, som er stolt avdelingsleiar ved Ferda Ålesund og han fortel også at dette bygget ville danne mal for komande caravansenter i kjeda. Ferda har pr i dag 10 avdelingar fordelt utover heile landet og opplever ei sterkt aukande interesse både i høve til sal og utleie av bobilar og campingvogner.

Behov for eigen butikk, med eit rikt vareutval kan ein også trygt slå fast at det er. Ferda Ålesund har eit godt utval av brukte og nye bobilar/campingvogner og fører merka Carthago, Dethleffs, Knaus, Sunlight, Weinsberg og Niewiadow Poletta.

I samband med opninga i mars i år, laga Sunnmøre LIVE ein reportasje det er verd å få med seg

Ferda Ålesund har sjølvsagt også eiga nettside og facebookside.  

Ta deg ein kikk innom facebooksida til Ferda Ålesund og legg merke til dei mange flotte tilboda.

 

Vi ynskjer med dette også Ferda Ålesund velkomen med på laget vårt!

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Me-Skotet
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS