Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

FK Fortuna med kjekk, sosial samling

FK Fortuna 12. - 13. januar 2019 - Klikk for stort bildeFK Fortuna 12. - 13. januar 2019 Hallgeir Hove

Berre nokre timar etter at "Fjordafesten" var vel i hamn, hadde vi gleda av å kunne ta imot dyktige fotballjenter frå FK Fortuna. Dei kom laurdagsmorgonen og returnerte til Ålesund dagen etter. I løpet av opphaldet, som hadde hovudvekt på det sosiale, fekk dei med seg mykje.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 15.01.2019

FK Fortuna 12. - 13. januar 2019 - trenar Magne Elde imponerte på trampolina - Klikk for stort bildeFK Fortuna 12. - 13. januar 2019 - trenar Magne Elde imponerte på trampolina Hallgeir Hove FK Fortuna 12. - 13. januar 2019 - klatreinstruktør Kjell Mulelid i munter passiar med ein del av spelarane og trenar Rune Sunde - Klikk for stort bildeFK Fortuna 12. - 13. januar 2019 - klatreinstruktør Kjell Mulelid i munter passiar med ein del av spelarane og trenar Rune Sunde Hallgeir Hove FK Fortuna 12. - 13. januar 2019 - Nora Myklebust Ferstad skyt blink - Klikk for stort bildeFK Fortuna 12. - 13. januar 2019 - Nora Myklebust Ferstad skyt blink Hallgeir Hove FK Fortuna 12. - 13. januar 2019 - resultatliste "Stordalsmeisterskapen". Kva var resepten til gruppe 4 tru? - Klikk for stort bildeFK Fortuna 12. - 13. januar 2019 - resultatliste "Stordalsmeisterskapen". Kva var resepten til gruppe 4 tru? Hallgeir Hove

Det er full rulle, kvar einaste helg i Stordalshalllen, og vi har vår "fulle hyre" med å finne plass til alle dei som vil besøkje oss. Dei helgane det ikkje er arrangement her, ja så kan ein vere trygg på at det anten er eit idrettslag, eit skulekorps eller anna, som er på besøk.

Denne helga var det altså det beste damelaget i fylket vårt som var på besøk og heldigvis fekk vi plass til dei og, i tillegg til festen som samla 150 gjestar kvelden før.  Stallen til FK Fortuna er naturlegvis langt større enn talet på spelarar som var med på opplegget i Stordalshallen, men jobb, kretslagskampar, skadar o.l. gjorde at mange var forhindra i å delta denne gongen. Men den gjengen som kom (sjå bilde), anført av trenarane Magne Elde og Rune Sunde, samt lagleiar Ann Kristin Lyngset Otterlei, var heilt suverene og vi har også eit bestemt inntrykk av at dei hadde eit kjekt opphald.

Etter å ha inntatt frokost/lunsj i grendasalen på laurdagen, var det klart for instruksjonsopplegg i trampoline, klatring og miniatyrskyting. Med proffe instruktørar som Frode Holtleite (på trampolina), Helga Øvrebust og Kjell Mulelid (i klatreveggen) og Lars Johan Nygård og Roar Søvik (på skytebana), blir det alltid suksess. Når ein i tillegg har så lærevillige og motiverte "elevar" som dette, blir det endå betre. For fleire av deltakarane var det første gongen dei hadde prøvd både trampoline, klatring og/eller skyting, men likevel var det imponerande det dei presterte. Og då tenkjer vi også på trenarar og støtteapparat. Både Mr Elde og Mr Sunde var i aksjon - også på trampolina - og vi fekk då nyte både C - og D - moment.  Av dei mange som imponerte på skytebana var nok Nora Myklebust Ferstad aller skarpast. Ho traff "midt i" - som dei sei på skisytingssendingane på TV - stort sett på kvart einaste skot. Alle fekk fem seriar med fem skot og skytinga inngjekk også i "Stordalsmeisterskapen", som var ein gruppekonkurranse med fem ulike øvingar.

Etter ei pause, der ein m.a. kunne få med seg Premier League på storskjerm i grendasalen, var det klart for å gjennomføre resten av øvingane i den høgtidlege konkurransen dei fire gruppene imellom. Her gjaldt det å skyte hardast (skuddlaser), å vere mest presis i kasting av erterposar, å bruke færrast slag på 5 "hol" (minigolf) og sist men ikkje minst vite mest om Stordal (quiz).

Spelarmøte høyrer også med på ei slik samling og etter at den biten var unnagjort var det klart for taco og sosialt utover laurdagskvelden.

Etter ein god frokost på søndagsmorgonen, køyrde gjengen ein kort økt med futsal, før dei returnerte til Ålesund. Der venta kretslagskampar og meir trening for mange av dei.

Vi nyttar høve til å takke for eit særs triveleg besøk og ynskjer FK Fortuna lykke til med sesongen! Godt samhald og god lagånd er viktig om ein skal lukkast. Vårt inntrykk er at FK Fortuna har nettopp dette og vi både håper og trur at dei også har fått ein god start også på 2019-sesongen, etter opphaldet her.   

Sjå 173 bilder frå besøket i eige galleri på Stordalshallen si facebookside

Meir om FK Fortuna på facebookside til laget

 

 

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

stordal flyfoto 002
stordal flyfoto 002
Levert av ACOS AS