Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Hallgeir Hove
Heile den supre gjengen med på fellesbilde til slutt! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Ei av gruppene har møtt på Bakermester Harepus, Bakergutt og Mikkel Rev fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
I teltet ved bygdetunet, var det sjølvsagt blåbærsaft, bollar og anna godt fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Imponerande kostymer. Her ser vi Carolus som Petter Pinnsvin og Olav som Brumleman fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Stor takk til denne gjengen, for ei fantastisk flott eventyrleg vandring! fotograf Hallgeir Hove

Flott eventyrleg vandring i «Hakkebakkeskogen»

Folkehelsekoordinator, Palma F Øvrebust, kom med ideen om å få til ei eventyrleg vandring i Grigås natursti i fjor. Opplegget den gongen vart så vellukka at ein ville prøve på nytt også denne hausten. Under vandringa sist torsdag, møtte ein mange av figurane frå Hakkebakkeskogen og saman med fleire andre gode hjelparar, kan Palma og oss andre slå fast at dette verkeleg er noko som fenger og som det er stas å få vere med på.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 06.09.2016

Turen starta ved skulen, der Barnas kommune si eiga «ku» ønska velkomen og sende publikum ut puljevis. Det vart i alt tre puljer med til saman om lag 60 personar som gjekk turen, til trass for at himmelen opna sine sluser.

Der råsa tek av inn i skogen møtte ein sjølvaste Bamsefar og elgen. Desse to guida også kvar si gruppe gjennom vandringa. Den første vi møtte var Mikkel Rev som leita etter klatremus. Etterkvart dukka klatremus opp og saman hadde dei ei flott song- og dramaoppvisning, der dei også involverte publikum. Klatremus lurte seg opp i eit tre og song og spelte gitar til Mikkel sovna.

Lengre opp i råsa møtte vi Bestemor Skogmus som rusla rundt og song så fint under paraplyen sin, uvitande om faren som lurte lengre oppe. Det var Petter Pinnsvin og han var gretten for det var lenge sidan han hadde fått noko å ete. Han leita etter ei god musesteik. (Etter størrelsen skulle ein tru at pinnsvinet hadde fått nok å ete). Det var eit fantastisk flott pinnsvin. Alle aktørane hadde fine kostymer, men pinnsvinkostymet tok verkeleg prisen!

Øvst i råsa møtte vi på Bakermester Harepus og bakerguten som hadde pepra peparkakene for mykje. Det kom etter kvart godt med når Mikkel dukka opp. Ei flott og engasjerande framføring med gode song- og skodespelarprestasjonar av desse tre også.

Dei siste vi møtte på var Bamsemor og Brumlemann. Bamsemor ropte og leita etter guten sin, og fekk han opp i baljen for vask. Her fekk vi høyre ei fin vaskevise. Det heile var ei flott framføring og det var kjekt å sjå at også dei yngste var med som aktørar. Undervegs hadde Bamsefar med hjelp av Elgen delt ut invitasjon til feiring av Bamses fødselsdag. Denne vart feira ved Løsetstova med allsong, bollar frå Holt gardsmat, gulrot og blåbærsaft.

For mange fleire bilder frå den eventyrlege vandringa, viser vi til eige bildegalleri på Barnas kommune si facebookside

I vår førehandsreportasje finn ein også lenke til reportasjen frå sist haust og mange kjekke bilder i eige galleri også då.

Tusen takk til dei dyktige aktørane, og ein spesielt stor takk til og Claus Hoff og Sitwell med hjelp frå Gunnhild Bueide, som laga og sponsa dei flotte kostyma!

Aktørane:
Barnas kommune-ku: Bjørg Jacobsen
Bamsefar: Palma Flåen Øvrebust
Elgen: Robert Busengdal
Mikkel Rev 1: Mathilde Øvrebust
Klatremus: Julie Olsen Almås
Bestemor Skogmus: Bjørg Moltu
Petter Pinnsvin: Carolus Øvrebust
Bakermester Harepus: Siv Anita Bråten
Bakergutt: Lise Merete Bull
Mikkel Rev 2: Claus Hoff
Brumlemann: Olav Cadavid Øvrebust
Bjørnemor: Sunniva Øvrebust

Arrangør var Barnas kommune/kulturteamet.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Erlend Røren
Flaum i Stordal
Erlend Røren
Levert av ACOS AS