Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Flott sesongstart!

Stordal IL, 4. div damer, jublar på Høddvoll!  - Klikk for stort bildeStordal IL, 4. div damer, jublar på Høddvoll! Hallgeir Hove

Stordal IL sitt 4. divisjonslag i fotball, har fått ein kjempeflott start på sesongen, med m.a. seier over Hødd på Høddvol log med uavgjort mot ein av dei andre opprykksfavorittane, nemleg Herd. I kveld, på fotballens nasjonaldag, kan du få med deg damelaget vårt i aksjon, når Stranda/Sunnylven kjem på besøk på Kirkebø Stadion. Legg merke til at kampstart er flytta fram til kl 17.30!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 16.05.2018

Etter solid seier mot MSIL, heime, vart det dessverre tap 1-2 borte mot Aksla, men det avgjerande målet kom heile 3 minutt på overtid. Så uansett strålande innsats av damene, der dei absolutt hadde fortjent poeng.

I dei to neste kampane møtte dei først Hødd på Høddvoll og så Herd her heime. Sigeren mot Hødd var ekstra imponerande og det etter kjempespel av damene. (Faktisk kunne sigeren godt ha vore større) Når laget så i neste kamp også klarte å ta poeng frå Herd, er dette verkeleg grunn til å legge merke til.

 

Både Aksla, Hødd og Herd er laga alle har spådd øvst på tabellen og dei som skal kjempe om opprykk til 3. divisjon. Stas då at Stordalslaget har gjort det så bra også mot dei!

Mot MSIL scora Marie Larsen Stavseng to mål, Vilde Lorgen Øvrebust og Thea M E Hove eitt mål kvar.

Mot Aksla scora Anne Sofie Tafjord.

Mot Hødd scora Olivia Hove Busengdal og Anne Sofie Tafjord.

Mot Herd scora Anne Sofie Tafjord

 

Kampane så langt: https://www.fotball.no/fotballdata/lag/kamper/?fiksId=188998

Tabellen: https://www.fotball.no/fotballdata/lag/tabell/?fiksId=188998

 

Her er eigen reportasje om kampane på fotballens nasjonaldag, på Sunnmøre Fotballkrets si side

 

Vi oppmodar flest mulig til å møte fram og heie på dei flinke damene!

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Ole-Andre Vidhammer
Stordal småbathamn
Ole-Andre Vidhammer
Levert av ACOS AS