Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Fylkesmønstringa 2018 til Stordal!

UKM - logo - Klikk for stort bilde

Stordal kommune er tildelt neste års UKM fylkesmønstring! Vi blir dermed medarrangør på lik line med Møre og Romsdal musikkråd og det er ikkje til å legge skjul på at vi ser på dette som ei stor ære. I løpet av helga frå den 27. t.o.m den 29. april, vil det bli rett så folksamt her, som ein sikkert skjønar. Berre talet på deltakarar blir fort nærare 400 og i tillegg kjem alt av presse, lyd- og lysfolk, ledsagarar og ikkje minst publikum!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 17.10.2017

Fylkeskulturmønstringa 2018 - synfaring frå Musikkrådet Møre og Romsdal.  ..og dei likte det dei såg!  - Klikk for stort bildeFylkeskulturmønstringa 2018 - synfaring frå Musikkrådet Møre og Romsdal. ..og dei likte det dei såg! Hallgeir Hove Fylkeskulturmønstringa 2018 - Jenny har mange gode opplevingar frå UKM og har sjølvsagt vore ambassadør også for UKM - Klikk for stort bildeFylkeskulturmønstringa 2018 - Jenny har mange gode opplevingar frå UKM og har sjølvsagt vore ambassadør også for UKM Oversiktsbilde over m.a. Stordal skule, Stordalshallen, Stordal bibliotek og Kirkebø Stadion - Klikk for stort bildeOversiktsbilde over m.a. Stordal skule, Stordalshallen, Stordal bibliotek og Kirkebø Stadion Bjørnar Midtbust

For den som eventuelt måtte vere litt usikker på kva denne UKM fylkesmønstringa er for noko, kan vi like godt bruke Møre og Romsdal musikkråd sine eigne ord for å forklare nærare: 

"Fylkesmønstringen er en viktig smeltedigel for ung kultur i Møre og Romsdal og består av omlag 400 ungdommer fra 13-20 år fra våre 36 kommuner. Disse ungdommene er samlet for å knytte nye bekjentskaper, utøve det de brenner for, delta på workshops/verksteder og vise for publikum hva de driver med i form av forestillinger og kunstutstilling. UKM er ingen konkurranse, men en møteplass, visningsarena og et sted for utvikling av ung kultur." (henta frå arrangørsida)

 

Før vi her i Stordal kommune takka ja til denne ærefulle invitasjonen, har vi først hatt triveleg besøk frå Møre og Romsdal musikkråd, representert ved Else Marie Outzen, Jonas Høgseth og Joachim Orvik. Det dei såg av facilitetar og muligheiter, under si synfaring her i midten av august, gjorde dei sikre på at Stordal ville vere ein eigna stad for arrangementet i 2018. Det neste "kulturteamet" her måtte forsikre seg om, var m.a. dette med at overnattingskapasiteten var stor nok, og ikkje minst at ein kunne vere trygg på at frivilligheita ville stille på også denne gongen. Viktig var det også å forsikre seg om at alle dei som ville bli "berørte" av eit slikt stort arrangement også stilte seg positive til at Stordal skulle ta det på seg. Då tenkjer vi på alt frå Stordalshallen, Stordal skule, Stordal bedehus, Andershaugen barnehage, Stordal bibliotek, Stordalstunet, Stordal frivilligsentral og Stordal ungdomsklubb. No er det altså slik at ein har all grunn til å tru at dette skal vere på plass og det heile er også forankra hjå høgare hald i kommunen.

I tillegg til at eit slikt arrangement vil bli ei stor oppleving for dei hundrevis av unge som skal delta - samt alle dei som vil få flotte kulturopplevingar i løpet av helga - vert dette eit nytt høve for oss til å presentere Stordal som Barnas kommune, Stordal som dugnadskommune, Stordal som kulturkommune, Stordal som vekstkommune, ja rett og slett Stordal som ein flott kommune å både vekse opp og å bu i. Ja ikkje minst også å besøkje, for den del!

Stordal har lange og gode tradisjonar, når det gjeld UKM og minner gjerne igjen om at vi i løpet av ein periode på sju år, faktisk var representert i Landsfinalen heile fem gongar. Ein av desse er naturlegvis Jenny Langlo, som har opplevd mykje flott også i samband med UKM. I ettertid har ho, som dei fleste veit vunne IDOL og no er ho i full gong med å glede publikum på Folketeateret i Oslo, der ho har ei av hovudrollene i musikalen «Les Misérables». Ikkje minst er det stas å peike på at ingen andre kommunar kan vise til så god deltaking på lokalmønstringane som det vi kan. Du kan lese meir om dette her:

Stordal, verkeleg ei UKM-kommune! (reportasje frå desember 2012)

Nok ein stordaling til landsfinalen! (reportasje frå april 2015)

Stordal kommune med høgst deltaking i landet! (reportasje frå februar 2017)

 

I 2018 vert dette toppa med at vi får lov til å invitere fleire hundre ungdomar frå heile fylket hit til oss!

Vi både håper og trur at dette skal bli eit flott arrangement, og det for absolutt alle!

Her er sida det blir ekstra stas å halde seg oppdatert på i vekene framover: http://ukm.no/moreogromsdal/

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

josetra
josetra
Levert av ACOS AS