Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

God deltaking trass noko surt ver

Sykkeltrim 2019 - Kristin og Sindre melder seg på med Elisabeth og Torunn - Klikk for stort bildeSykkeltrim 2019 - Kristin og Sindre melder seg på med Elisabeth og Torunn Hallgeir Hove

Veret har rett som det er innverknad på arrangement på våre kantar. Ser vi på sykkeltrimmen og helselagsbasaren, som vart avvikla med fem dagars mellomrom, hadde det ikkje gjort noko om ein kunne bytte for å seie det sånn. Men trass noko surt ver 1. mai, var oppslutninga imponerande god også denne gongen.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 03.05.2019

Sykkeltrim 2019 - at Ole Magnar kom først til Mo, var inga overrasking - Klikk for stort bildeSykkeltrim 2019 - at Ole Magnar kom først til Mo, var inga overrasking Hallgeir Hove Sykkeltrim 2019 - Per Kjell med sin flotte sykkel frå 1. verdenskrig - Klikk for stort bildeSykkeltrim 2019 - Per Kjell med sin flotte sykkel frå 1. verdenskrig Hallgeir Hove Sykkeltrim 2019 - Litt surt ver, inga hindring for Alfred og dei andre som deltok - Klikk for stort bildeSykkeltrim 2019 - Litt surt ver, inga hindring for Alfred og dei andre som deltok Hallgeir Hove Sykkeltrim 2019 - tombola på Mo, er eit høgdepunkt - Klikk for stort bildeSykkeltrim 2019 - tombola på Mo, er eit høgdepunkt Hallgeir Hove

Det er som kjent langrennsgruppa i Stordal IL, som er arrangør og då i nært samarbeid med Mo bedehus. Dei melder at det var over 100 deltakarar også denne gongen og det må ein kunne hevde er veldig bra med tanke på at temperaturen berre på få dagar fell med nærare 20 grader.

Sjølvsagt hadde den driftuge gjengen ved Mo bedehus nydelege sveler, kaker, kaffe og saft å by på og ikkje minst var det også denne gongen tombola der.  Veret var ikkje verre enn at det også gjekk fint å site nedanfor bedehuset å slå av ein prat dei spreke syklistane seg imellom. I tillegg til flott opplegg ved bedehuset, hadde moarane også gjennomført flott ryddedugnad onsdagen før.

Som vanleg vart det trekt ut mange flotte premiar blant deltakarane og heldig vinnar av hovudpremien - ein flott sykkel frå Peder Øie AS - vart John Steinar Storheim.

Dermed var også den 44. utgåva av sykkeltrimmen vel i hamn og no kan vi også sjå fram til eit aldri så lite jubileumsarrangement til neste år.

Sjå nokre bilder til frå årets utgåve av sykkeltrimmen, på Barnas kommune si facebookside

Om du har lyst, kan du ta eit tilbakeblikk på tidlegare sykkeltrim-arrangement (heilt tilbake til 2009). Du finn lenkene i vår førehandsreportasje.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: STB
Dyrdalsbrua i juni
STB
Levert av ACOS AS