Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Gøril Vidhammer, ny kulturskulerektor

Gøril Vidhammer er ny kulturskulerektor i Norddal og Stordal - Klikk for stort bildeGøril Vidhammer er ny kulturskulerektor i Norddal og Stordal Britt Ingunn Maurstad

Det har nyleg vore flotte sommaravslutningar ved kulturskulane både i Norddal og i Stordal. Vår nye kulturskulerektor har dermed alt fått høve til å møte elevane og oppleve dei i aksjon på scena.  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 21.06.2018

No er ikkje dette med ny kulturskulerektor ei rykande fersk nyheit, då Gøril alt er godt i gong med jobben og har fått helse på både elevar og kollegaer i begge kommunane, men uansett er det kjekt å kunne få legge ut ein eigen reportasje no. Når så Britt Ingunn i Storfjordnytt har laga eit så flott intervju med dama, er det ekstra stas naturlegvis.

Gøril kjem frå Ørskog og slik sett har ho frå før av rimeleg god kjennskap også til kulturlivet litt lengre inne i fjorden.

Vi ynskjer Gøril velkomen med på laget og ynskjer ho lykke til i jobben som kulturskulerektor framover!

 

 

I vår førehandsreportasje om kulturskuleavslutninga, la vi inn lenker til tidlegare reportasjar og bildegalleri, for den som måtte like å ta eit tilbakeblikk.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Kleivavatnet
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS