Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Grendacup 2017

Grendacup 2016 - 5. t.o.m 8. klasse - Klikk for stort bildeGrendacup 2016 - 5. t.o.m 8. klasse Hallgeir Hove

Det nærmar seg jul med stormsteg no og då kan det passe å legge ut informasjon om grendacupen. Det er framleis slik at det er 2. juledag denne vert arrangert og då med turneringa for dei frå 5. t.o.m 8. klasse først og så er det dei vaksne sin tur etterpå.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 20.12.2017

Grendacupen i fotball er altså like rundt hjørnet. I år vert den arrangert for 22. året på rad og den har i alle år vore ein kjekk møtestad i romjula. Tidlegare var det mykje meir enn fotball denne dagen, men dei seinare åra er det dette som har hatt hovudfokus. For dei som kan tenke seg mange andre aktivitetar - i staden for, eller i tillegg til dette - viser vi til Open dag – arrangementet 5. juledag.

Arrangementet vert om lag slik det har vore dei siste åra, der fotballen for dei frå 5. t.o.m 8. klasse startar kl 11.30 og turneringa for dei vaksne startar kl 13.15.

Då vi la ut denne reportasjen første gongen (13. desember), gjorde vi merksam på at det kunne kome til endringar i kampoppsettet og det er nettopp det som har skjedd no. Det viser seg nemleg at det berre er 6 grender som stiller lag i turneringa for dei eldste denne gongen og dermed er kampoppsettet altså endra no. Legg likevel merke til at det ikkje blir færre kampar på kvar grend av den grunn.

Sjå det redigerte kampoppsettet for Grendacup 2017 (pr 20. desember) (PDF, 69 kB)

 

Reglement:

Ein nyttar vanlege reglar for innandørsfotball og ikkje futsalreglar.

Den tradisjonelle fotballturneringa er for dei i ungdomsskulealder og oppover og det kan vere maks fire frå kvart kjønn på bana og maks fem spelarar på bana totalt.

I fotballturneringa for 5. t.o.m. 8. klassingane skal det vere 6 spelarar og då slik at det er like mange gutar og jenter på bana til ei kvar tid.

Deltakarane må sjølve sjå til at ein har det forsikringsmessige i orden. Arrangør er ikkje ansvarleg for skadar som evt måtte inntreffe.

NB Det er fullt ut lovleg å ha med spelarar som ikkje bor i grenda, særleg er det fint om dette kan verte eit tilbod også til slekt og vener som er på julebesøk i grendene.

Det er inga deltakaravgift.

 

Kontaktpersonar/ansvarlege  - 5. t.o.m 8. klasse:

Vinjehjellane/Hovslia: Kenneth Olsen
Dalane/Øvrebust: Øyvind Tafjord
Dyrkorn/Nejaføringane/Vinje: Frank Olsen
Lag IV: ?

(det er grunn til å tru at eitt av laga ovanfor kan dele seg i to og då gå inn som Lag IV)

 

Kontaktpersonar/ansvarlege - vaksne:

Hovslia: Claus Hoff
Vinje: Sindre Holtleite
Øvrebust: Helga Øvrebust
Nejaføringane: Hallgeir Hove
Vinjehjellane: Patrik Aasen
Liabygda: Kristian Stornes

 

Kiosksalet ledig

Om det er nokon som treng pengar i kassa, anten til klassetur eller anna, er det framleis mulig å melde si interesse for å stå bak kiosksalget denne dagen. Det blir då "først til mølla" for å seie det sånn.  

 

Tilbakeblikk

Om du vil, kan du ta eit tilbakeblikk på alle dei tidlegare arrangementa. I reportasjen vår frå i fjor, finn du lenkene.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Kleivavatnet
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS